Sogndal knust på heimebane

Sogndal gjekk på eit nytt tap i eliteserien då dei tapte 1-4 på heimebane søndag.

Sogndal - Odd Grenland

GJEKK PÅ EIN SMELL: Første heimekamp gjekk ikkje heilt som Sogndal hadde håpa på.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dette var deira første heimekamp i eliteserien på sju år. På førehand var forventningane store til kampen og over 3000 personar hadde løyst billett.

Publikum fekk sjå Sogndal sitt største serietap på heimebane sidan Bryne reiste til Jæren med 4-0 i 2005.

- Eg er sjølvsagt skuffa over tapet. Eg trur sjansen vår låg i den store sjansen rett etter pause. Då hadde vi sjansen til å komme i føringa, men vi benytta oss ikkje av den, seier trenar Harald Aabrekk.

- Spesiell kamp

Allereie etter to minutt låg den første ballen i nettmaskene bak Joseph Bendik. Torgeir Børven klistra eit frispark frå kring 20 meter i vinkelen.

Sogndal greidde ikkje heilt å få tak i kampen i byrjinga. Men i det 43. minutt utlikna Eirik Bakke til 1-1 i sin første kamp på Fosshaugane på 11 år.

- Eg tykte det var ope fram til 2-1. Det vart ein spesiell fotballkamp, med mykje langt og mykje tid på dødballar, seier Aabrekk.

- Godt å kome i gang att

Med 1-1 til pause, starta Sogndal friskt etter kvilen. Etter få minutt kunne Ulrik Flo gjeve heimelaget 2-1 etter pasning frå Cato Hansen, men avslutninga til stryningen gjekk utanfor.

I staden auka Jone Samuelsen til 2-1 etter timen, medan Frode Johnsen noterte seg for si første scoring på norsk jord sidan 2006.

- Det var godt å kome i gang att, gliste den tidlegare japanproffen etter kampen.

- God uttelling

Fire minutt før full tid gjorde innbyttar Erik Midtgarden 4-1 for Odd Grenland.

- Det er tre dødballmål og eit fint langskot av Jone. Dei hadde god uttelling, konstaterer Aabrekk og vedgår at tapte duellar avgjorde kampen på Fosshaugane. Etter to kampar står Sogndal med null poeng i eliteseriecomebacket.

- På dette nivået, så er det viktigare å unngå feil. I dag var vi også litt uheldige i dei individuelle duellane. Men elles i kampen føler eg det er greitt. Vi lukkast i formasjonsvalet, har bra kontroll og balanse i laget mot kanskje det laget i Norge som slår fest langpasningar. Eg tykkjer vi valde rett strategi, men tapte duellane, seier han.

NB! Sogndal tapte også 1-4 heime for Aalesund i opprykkskvaliken i 2008.