Hopp til innhold

Sogndal-kaptein blir Brann-spelar

Sogndal-stoppar Lars Grorud har skrive under på ein kontrakt med Brann.

Lars Grorud

TIL BRANN: Lars Grorud er klar for Sogndals rivalar i Bergen.

Foto: Rune Fossum / NRK

- Lars er kaptein på eit Sogndal-lag som styrer mot opprykk til eliteserien. Det at han er Bosman-spelar gjer at overgangen blir offisiell allereie no, sjølv om han først sluttar seg til Brann etter årets sesong, seier Rune Skarsfjord til brann.no.

Vil først rykkje opp med Sogndal

Brann-trenaren er godt nøgd med å ha sikra seg den solide midtstopparen til Sogndal. Kontrakten gjeld frå 2011-sesongen og ut 2013.

Ifølgje brann.no har klubben følgt Grorud over tid, og trenar Skarsfjord meiner midtstopparen vil halde godt eliteserienivå.

Skarsfjord understrekar at 27-åringen skal få ro på seg til å fullføre sesongen med Sogndal.

- Eg vil spele Sogndal til eliteserien. Eg har hatt tre flotte sesongar i Sogndal, og for meg har klubben vore ein ideell utviklingsarena. No vil eg takke for meg med opprykk før eg reiser til Bergen, seier Grorud til sogndalfotball.no.

Har spelt 116 kampar for Sogndal

Ifølgje nettstaden til Sogndal tek klubben overgangen med stoisk ro.

- Vi er godt dekka opp på stopparplass med tre store talent frå eige fylke, så 2011 ser eg lyst på, seier Trond Fylling.

Grorud er inne i sin tredje sesong i Sogndal etter overgangen fra FK Tønsberg før 2008-sesongen. Han har spelt 116 kampar for klubben og scora 8 mål.