Hopp til innhold

Sogndal kan få VM

Sogndal kan få VM eller EM i motbakkeløp.

Storehogen i Sogndal.

Fjelltoppen Storehogen i Sogndal kan vere arena for VM i motbakkeløp.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ifølgje motbakke-ansvarleg i Norges Friidrettsforbud, Christian Prestegård, er Sogndal ein svært god kandidat til å arrangere eit internasjonalt meisterskap i motbakkeløp.

Perfekt trasé

– Traséen frå Kaupanger til Storehogen er perfekt for dei krava som blir stilt til eit internasjonalt meisterskap, hevdar Prestegård.

Det er nettopp traséen frå Kaupanger til Storehogen Prestegård håpar på. Sogndal får knallhard konkurranse mellom anna frå Guldbrandsdalen. Men det er framleis lang veg å gå til å få eit internasjonalt meisterskap.

– Det vil vere ein praktfull arena dersom ein får alt det andre på plass, men fram dit er det ein forholdsvis lang veg å gå, seier Prestegård.

Folkemagnet

Han har stor tru på Sogndal som VM-arena, og vil jobbe for å få opp ein arrangørstab. Eit slikt meisterskap vil trekkje mange menneske til fylket.

– Eit VM har gjerne 600-700 deltakarar på senior- og juniornivå, og minst 100-200 yngre løparar, seier han.

Utsikt

Prestegård hevdar han ikkje har sett maken til løype nokon stad i verda.

– Eg har reist rundt i verda og sett mange av dei mest kjende arrangementa, og elles dei fleste motbakkeløp i Norge. Eg er ikkje i tvil – det finnast ikkje makan til løypetrasé i forhold til dei internasjonale krava, som den praktfulle vi har frå Kaupanger til Storehogen, seier Prestegård.

– I tillegg har vi ei fantastisk utsikt frå Storehogen utover nesten heile indre Sogn, legg han til.