Sogndal gjekk på sesongens andre tap i siste minutt

To mål av Kristian Fardal Opseth var ikkje nok. Sogndal tapte 3-2 borte mot Ranheim måndag kveld.

Kristian Fardal Opseth mot Jerv

LAGA TO MÅL: Kristian Fardal Opseth skåra to mål for Sogndal mot Ranheim. Her frå ein kamp tidlegare denne sesongen.

Foto: FOTO: Steinar Lote / NRK

Dermed var sesongens andre tap eit faktum, etter at Sogndal rakna fullstendig i 2. omgang i bortemøtet med trøndarane.

Sogndal toppar framleis tabellen i 1. divisjon, fire poeng foran Sandnes-Ulf og fem poeng foran Brann. Sistnemnde klarte å slite seg til ein 1-0 siger heime mot Levanger.

Laster innhold, vennligst vent..