Hannu Patronen si kontrakt med fjorårets svenske trippelmeistrar, Helsingborgs IF, gjekk ut ved årsskiftet.
Midtstopparen har siste veka vore i Sogndal, der han mellom anna spelte under helgas Vestlandsmeisterskap i Åsane. Partane har i store delar av dagen site i møte.
- LES OGSÅ:
– Vi er i dialog om kontrakt, men det er ingenting som er formalisert eller konkretisert, stadfestar spelarutviklar Håvard Flo.
Godt inntrykk
Sogndal har sidan sesongslutt mista fleire av forsvarsspelarane.
, og .NØGD: Håvard Flo og Sogndal var nøgde med det dei såg av Hannu Patronen.
Foto: Rune Fossum / NRKI tillegg fekk verken Barry Kader eller
. Sistnemnde trenar framleis med Sogndal og klubben vil ta stilling til ei eventuell kontrakt i slutten av månaden.- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
– Vi fekk veldig godt inntrykk av Patronen i helga. Vi har signalisert at vi har lyst å sjå på moglegheiten for å få han til klubben, seier Flo.
– Heller Norge
Den finske midstopparen kan bli klar iløpet av dei neste dagane. I Sverige vart det smått med speletid i fjor. Mellom anna på grunn av skade.
– Hannu var bosman i Sverige, så i prinsippet er han ein fri spelar, seier Flo og ikkje vil kommentere om andre klubbar er interesserte i Patronen.
Kjelder i Helsingborgs stadfestar at dei vurderer å knyte han til klubben att, medan spelaren sjølv vil gå til ein klubb der han får speletid.
– Eg trur at Norge vil passe meg betre enn Sverige. Duellane er hardare og det er fleire taklingar, seier Patronen sjølv til finske MTV3.
A-landslagsspelar
Patronen, som også kan spele defensiv midtbane, har 18 U21-landskampar for Finland. I fjor debuterte midtstopparen også på det finske A-landslaget.
I løpet av 3,5 år i Sverige har det blitt to mål og 55 obligatoriske kampar. Og over 3 000 speleminutt i den svenske toppdivisjonen. Han har også spelt i Europa med Helsingborgs.
– Er dette erstattaren til Even Hovland?
– Det kan det vere. Han har lang fartstid og erfaring på høgt nivå. Han er ein type som er hardtarbeidande, kompromisslaus, god i nærduellar, god i lufta og har bra tempo, seier Flo.