Hopp til innhold

Sogndal cruisa inn til ny trepoengar

SOGNDAL - BRYNE 3-1 (NRK): Eit tydeleg revansjesugent Sogndal hadde kontroll mot Bryne.

Sogndal jublar for scoring
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Bryne kom best i gang, men det tok ikkje lange tida før Sogndal festa grepet på kampen. Eit til tider sprudlande heimelag banka inn tre mål før pause, og då var det aldri særleg tvil om kven som ville sikre alle tre poenga.

Sogndal sine mål vart sett inn av Mahatma Otoo, Babacarr Sarr og Bjørn Inge Utvik.

Kampen jamna seg ut etter pausen, men ikkje nok til at Sogndal var nemneverdig truga. Heimelaget fekk trampeklapp frå publikum då kampen ebba ut.

Thomas Drage skulle starte på benken, men fekk tillit frå start då Petter Strand måtte kaste inn handkledet under oppvarminga.

Kantspelaren kom frå Tromsø til Sogndal sist veke, men skulle ifølgje Eirik Bakke starte kampen mot Bryne på benken. Etter alt å dømme har Petter Strand fått seg ein smell under oppvarminga, og Drage fekk sjansen frå start.

Laster innhold, vennligst vent..

Feia motstanden av bana dei første 45

8 min: Bryne har komme best i gang med kampen, og har mellom anna hatt eit skot som stussa i tverrliggjaren.

12 min: Sogndal farleg frampå på corner. Babacarr Sarr headar hardt i stolpen!

14 min: 1-0. Eit langt innkast går via Bjørn Inge Utvik og ramlar ned på bakarste stolpe, der Mahatma Otoo har ein enkel jobb med å klinke ballen i nota. Sogndal har teke tak i dette oppgjeret.

17 min: 2-0. Ein corner frå debutant Thomas Drage finn Babacarr Sarr på næraste, som meisterleg tek ballen på direkten og måkar den i nota.

30 min: Drage kjem seg rundt på sida og får lagt inn. Der kjem Otoo i stor fart, men får ikkje god treff. Ballen går til corner.

26 min: Lågare tempo i kampen no. Bryne får corner, men Dyngeland boksar ut. Returen går over.

42 min: 3-0. Victor Grodås kastar langt inn, der stussar Babacarr Sarr ballen vidare - og så kjem Bjørn Inge Utvik med eit klokkreint treff med pannebrasken. Effektivt!

Pause på stillinga 3-0. Sogndal fullt fortent i komfortabel leiing. Har vore effektive framfor mål og sikre defensivt. No blir det interessant om dei legg seg lågare og inviterer Bryne inn i kampen etter kvilen - eller om dei torer å halde fram på samme måte.

Thomas Drage sin første kamp for Sogndal

FØRSTE KAMP: Thomas Drage i svart og kvitt for første gong.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sleppte Bryne meir med i kampen

46 min: Otoo kombinerer fint med Kjemhus og kjem til avslutning. Svakt og rett på keeper.

48 min: Sogndal lar Bryne spele seg heilt inn i 16-meteren, og er heldige som ikkje får eit betre skot mot keeper Dyngeland.

56 min: Sogndal ligg lågare i bana, og lar Bryne sleppe meir til. Dyngeland har få problem med eit skot frå 18 meter.

64 min: 3-1. Bryne er heldige på corner, då bakken treff Kristian Fardal Opseth og gåpr vidare i feltet. Der får Oddbjørn Skartun foten på ballen og bankar den i nettaket.

68 min: Osita Henry Chikere kjem inn og får sin debut for Sogndal. Mahatma Otoo går ut.

73 min: Bjørn Inge Utvik hinkar ut med skade. Inn kjem Hannu Patronen.

75 min: Brynes Oddbjørn Skartun kjem seg fri på 16 meter. Klinkar ballen høgt over mål.

86 min: Drage driblar seg ned til sidelinja og slår inn til Chikere. Spissen får ikkje fulltreff, og ballen treff keeper. Stor sjanse.

87 min: Kjemhus går ut - Eirik Bergum Skaasheim kjem inn.

Kampen ebbar ut til 3-1 på Fosshaugane. Resultatet er eit greitt bilete av kampen, der Sogndal herja med Bryne før pause - men sleppte dei litt meir inn i kampen dei siste 45 minutta.