HÅPAR PÅ MEIR JUBEL: Harald Aabrekk takkar alle som har bidrege til opprykket og trur Sogndal kam bli eit offensivt eliteserielag.
Foto: Rune Fossum / NRKSogndal leia 2-0 før kampen var kvarteret gammal, etter to raske mål av Espen Olsen og Ole Jørgen Halvorsen.
Før pause reduserte heimelaget, og med yttelegare eitt mål i andre omgang endte kampen 2-2. Ranheim sikra seg med det den siste kalikplassen i kampen om opprykk til 1. divisjon.
– Eg er godt fornøgd med førsteomgang. Då var det mykje bra. I andre omgang klarte vi ikkje å følgje like mykje opp, så 2-2 var greitt, sjølv om et tykkjer vi var nærmast ein siger, seier Sogndal-trenar Harald Aabrekk til NRK.
– Fekk ei utlading etter opprykket
Abrekk legg ikkje skjul på at opprykksfesten etter Fredrikstad-sigeren for tre veker siden kan ha gått litt utover motivasjonen. Den påfølgande kampen, der Sogndal fekk uttdelt pokalane som prov på at dei hadde vunne 1. divisjon, endte med tap heime mot Sandes Ulf. Førre helg hadde laget spelefri grunna avlyst Lyn-kamp.
- LES OGSÅ:
– Eg trur nok at dei fleste av spelarane fekk ei utlading etter Fredrikstad-kampen når opprykket var klart. I tillegg har Sogndal også for første gong vunne serien, så ei viss utlanding var det. Men i dag synest eg vi var tilbake igjen. Det var mykje bra og mange gode prestasjonar, så eg er godt nøgd med gjennomføringa av kampen, oppummerer han.
DEN STORE FESTEN: Ellevill jubel i garderoben då opprykket var eit faktum 17. oktober.
Foto: Tor YttriArtikkelen held fram.
- LES OGSÅ:
Overraska over Fredrikstad-kollaps
I 1. divisjons siste serierunde vart det også klart at Sarpsborg 08 slår følge med Sogndal opp til eliteserien, mens storebror i Østfold, Fredrikstad, må ut i kvalik.
– Eg er ikkje overraska over at Sarpsborg var med heilt i toppen. Eg er kanskje meir overraska over at Fredrikstad ikkje var med heilt inn. Eg hadde forventa at Fredrikstad skulle vere det mest rutinerte laget med dei største ressursane. Men vi får no sjå, dei har jo høve enno gjennom kvalik, seier Aabrekk.
Fredrikstad som har gått ein real formsvikt i haust, makta berre 2-2 borte mot Bryne søndag.
- LES OGSÅ:
Kapteinen takka av
SISTE KAMP: Ranheim-kampen vart Lars Grorud sin siste for Sogndal. Neste år kler han seg i raudt.
Foto: Rune Fossum / NRKSogndal-trenaren måtte søndag takke av ein av sine mest sentrale spelarar. Ranheim-kampen vart den siste med Lars Grorud på laget. Trenaren takkar vestfoldingen som han meiner har vore ein nøkkelspelar i kampen om opprykket.
– Eg ønskjer Lars lykke til i Brann. Han har gjort ein fantastisk jobb som kaptein for dette laget, seier Aabrekk som sjølv kom til Sogndal frå stillinga som speidar i Brann.
- LES OGSÅ:
Ranheim-kampen var også den siste med Håvard Flo i troppen. Flo som ikkje aldri kom på bana i løpet av kampen, legg fotballskoa på hylla og går over i stilling i Sogndal sitt støtteapparat.
- LES OGSÅ:
Ferie og eigentrening
Etter ein jubelsesong på Fosshaugane er trenaren snart klar for å dimmitere spelarane.
– Vi samlast i morgon og tysdag for å gjennomgå dei individuelle treningsprogramma som kvar enkelt skal utføre i desember. November blir feriemånad for dei fleste av oss. 4. januar er vi i gang igjen. Då må alle vere til stades.
– Stort potensial i eliten
Med 1. divisjon som eit tilbakelagt kapittel, gler gler Aabrekk seg no til eliteseriespel.
– Vi har lyst å prestere når vi først har rykt opp. Eg trur mange av spelarane kanskje har eit endå større potensial i eliteserien. Eg gler meg til å sjå kva vi kan prestere og bidra med i eliteserien neste år. Kanskje kan vi få ein slik offensiv som gjer at vi kan prestere som vi veit Sogndal har gjort i tildegare sesongar i eliten.
- LES OGSÅ:
Takkar for støtten
Men først skal Aabrekk berre gle seg.
– Det har vore ein veldig fin sesong for oss. Eg har lyst å takke alle som har vore med å bidrege gjennom sesongen. Dei skal få gle seg på vegne av Sogndal alle som har vore med, seier suksesstrenaren i Sogndal.