Kretslaget for 13 og 14 åringar i Sogn og Fjordane leverte tidenes innsats under årets NCC-leikar på Osterøy i helga.
- LES OGSÅ: Solid innsats under NCC-leikane
Andreplass samanlagt
Det var Hordaland som stakk av med fyrsteplassen samanlagt med 290 poeng, men Sogn og Fjordane kom like bak med 250 poeng.
KAPPGANG: Kjersti Hjelle Eide i aksjon under NCC-leikane.
Foto: Narve Heggheim– Innsatsen til våre utøvarar er kort og godt fantastisk. Historisk mange både medaljar og poeng og vi pusta landets beste krets i friidrett Hordaland i nakken heile tida, seier Narve Heggheim, dagleg leiar i Norsk Friidrett Sogn og Fjordane.
- LES OGSÅ: Nordisk meister i slegge
Mange medaljar
Til saman vann fylket 21 gull, 11 sølv og 9 bronse. Dei som tok gull var:
Kirsti Strømmen Kjerpeset, Florø: 60m hekk, 200m, lengde, 200n hekk, 60m.
Thomas Mardal, Sandane: diskos, spyd, slegge, tresteg.
Kjersti Hjelle Eide, Breimsbygda: 60m hekk, lengde, 200m hekk, høgde.
Svenn Arne Bjørkelo, Breimsbygda: kule.
Vidar Hatlen, Hyllestad: lengde.
Andreas Rauset, Sandane: 1000m kappgang.
Jon Rolf Skamo Hope, Hyen: 600m, 1500m.
Fride S. Birkeland, Førde IL: kule. Ingeborg Raftevold, Vikane: høgde.
SØLV: Sander Husevåg Dale tok sølv i kule.
Foto: Narve HeggheimImponerande av Vågsøy
Narve Heggheim er strålande nøgd med innsatsen, men vil spesielt framheve utøvarane frå Almenningen i Vågsøy.
– Dei tok heile fem medaljar og det er veldig spesielt i og med at det for to-tre år sidan ikkje var friidrettstilbod i Vågsøy. Her har klubben jobba veldig godt og fått i gang god aktivitet, seier Heggheim til NRK.no.