Hopp til innhold

Sogn og Fjordane er best førebudd på atomkrise

FØRDE (NRK): Fylket har flest jodtablettar per innbyggjar. – Det viser at folk har tatt myndigheitene sine råd på alvor, seier apotekar Anne-Grete Reikvam.

Anne-Grete Reikvam

GODE SALSTAL: Anne-Grete Reikvam ved Apotek 1 i Førde er glad for at folk har tatt myndigheitene si oppfordring om å kjøpe jodtablettar på alvor.

Foto: Marita Solheim / NRK

Helsemyndigheitene anbefaler alle å ha tilgang på jodtablettar i tilfelle det skjer ei atomulukke. Det er framleis mange som ikkje har følgt det rådet, men Sogn og Fjordane er best i klassen.

Tal frå Apotekforeningen viser at sidan jodtabletten Jodix blei tilgjengeleg reseptfritt i apoteka 1. november i fjor, er det selt 50.000 pakningar. I overkant av 1000 av desse er seld i Sogn og Fjordane.

Fra 1. november 2018 vil jodtabletter kunne kjøpes reseptfritt i norske apotek

RESEPTFRITT: Jodtablettane Jodix vart i november 2018 tilgjengelege reseptfritt hos norske apotek. Det blir spesielt anbefalt for barn under 18 år og gravide å ha jodtablettar lett tilgjengeleg.

Foto: Apotekforeningen

Sjølv om kvar pakning inneheld 10 tablettar, er det framleis mange som ikkje har enkel tilgang på jodtablettar dersom det skjer ei atomulukke.

Ved Apotek 1 i Førde merka dei størst salsauke frå november 2018 til januar 2019.

– Det var då jod blei marknadsført til private hushaldningar i Noreg som eit reseptfritt legemiddel til beredskap ved atomulukker, fortel Anne-Grete Reikvam.

Kva tenkjer du om at Sogn og Fjordane har flest jodtablettar per innbyggjar?

– Det er flott at innbyggjarane i Sogn og Fjordane er bevisste på risiko og trussel med tanke på atomulukker, seier ho.

Legemiddelverket: – Vestlandet er godt utstyrt

Steinar Madsen er medisinsk fagdirektør ved Statens legemiddelverk. Han oppfordrar alle til å gå på apoteket og kjøpe jodtablettar som ein kan ha liggande heime.

– Ved ei atomulukke vil det bli spreidd radioaktivt jod. Det kan takast opp i skjoldbruskkjertelen og på sikt gje kreft i skjoldbruskkjertelen, forklarar Madsen.

Han fortel vidare:

– Jodtablettane beskyttar ved å blokkere opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen, så lenge tablettane blir tatt innan fire timar etter utslepp frå ein kjernereaktor.

Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Statens legemiddelverk

SKAFF JODTABLETTAR: Medisinsk fagdirektør Steinar Madsen ber folk følgje råd frå myndigheitene om å kjøpe inn jodtablettar.

Foto: Statens legemiddelverk

Ifølge Madsen er mange av kommunane på Vestlandet godt utstyrt med jodtablettar.

Kriseutval for atomberedskap anbefaler at alle kommunar har jodtablettar tilgjengeleg for sine innbyggjarar i den mest sårbare gruppa. Kommunane har sjølvstendig ansvar for å bestille inn jodtablettar frå Helsedirektoratet.

Ifølge ei kommuneoversikt frå Helsedirektoratet er Gaular den einaste av kommunane i Sogn og Fjordane som ikkje har skaffa jodtablettar til innbyggjarar i risikogruppa, men på telefon til NRK vedgår dei at dette må ordnast raskt.

– Risikoen aukar

– Vi finn 450 kjernereaktorar i heile verda. 185 av desse er i Europa. I tillegg er det ein del fartøy langs Noregs kyst som har atomreaktor for ubåtar og andre militære fartøy, fortel Astrid Liland. Ho er seksjonsleiar for beredskap i Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA)

Liland fortel om auke i trafikken for atomdrivne fartøy langs kysten, i tillegg til at sannsynet for terroraksjonar aukar.

Dessutan reiser mange nordmenn på ferie til stader med større risiko for atomulukker. Populære reisemål som USA, Spania og Frankrike har fleire kjernekraftverk.

Astrid Liland i seksjon beredskap DSA

REELL RISIKO: – Vi kan ikkje la vere å førebu oss på ei atomulukke, seier beredskapssjef Astrid Liland.

Foto: Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet

Bør nordmenn ta forholdsreglar no i sommar dersom dei er på ferie?

– Det kan vere lurt å ha med seg jodtablettar i kofferten om ein skal på ferie i sommar. På samme måte som ein har med seg andre medisinar i tilfelle noko skjer, seier Liland.

Ho meiner staten har eit godt system for atomberedskap både på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

– Vi anbefaler at alle har jodtablettar både heime og på hytta slik at ein kan ta det raskt dersom det skulle skje ei atomulukke.

Populær TV-serie kan forklare dobling av salstal

Salet av jodtablettar har auka i tida etter premieren av TV-serien «Chernobyl» på HBO. Suksesserien tronar øvst på IMDB si liste over tidenes beste TV-seriar.

Chernobyl

DRAMATISERING: TV-serien «Chernobyl» på HBO er ei dramatisering av kjernekraftulukka i Tsjernobyl i 1986.

Foto: HBO Nordic

Dei sju første vekene etter at serien hadde premiere 6. mai, har det blitt seld nesten 4000 pakkar med jodtablettane Jodix. Det er over dobbelt så mange som i dei sju føregåande vekene, viser tal NRK har fått av Apotekforeningen.

Det vart spekulert i om doblinga av salet av jodtablettar hadde noko samanheng med HBO-serien Chernobyl. Kan det stemme?

– Vi har i alle fall fått tal frå apotekkjedene som viser ei auke frå månadane før serien kom på HBO. Både serien og medieomtalen var nok ei påminning til folk om at dei burde ha jodtablettar heime, meiner Liland, sjølv om ein ikkje kan fastslå at det hadde ein samanheng.