Redsle i Sogn: Hardangervidda-sluttspurt kan torpedera Hemsedalsfjellet

BALESTRAND (NRK): Sogneordførarane mobiliserer for Hemsedalsfjellet i innspurten. Aust-vest-vedtak i den Hordalands-tunge Regjeringa kan koma allereie på fredag.

Noralv Distad

SLAGET OM HEMSEDALSFJELLET STÅR NO: Ordførarane Jan Geir Solheim (Lærdal), Noralv Distad (Aurland) og resten av Sogn regionråd sender brev til statsminister Erna Solberg.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Når Regjeringa skal vedta to trasear mellom aust og vest, må Hemsedalsfjellet vera éin av dei. Det vil vera positivt for heile Sogn og Fjordane og deler av Møre og Romsdal, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland.

Slaget om kvar hovudvegane mellom Aust- og Vestlandet skal gå, står akkurat no. Det er venta ei avgjerd i Regjeringa i nær framtid, kanskje allereie neste fredag. Difor må Sogn tydeleg visa verdien av at Hemsedalsfjellet blir valt, seier Distad.

Hordaland mobiliserer

Tilrådinga frå Statens vegvesen er tydeleg: Bygg tunnel gjennom Hemsedalsfjellet og ei bru over Sognefjorden. Det vil vera det raskaste og beste aust-vest-sambandet for Nordvestlandet, på same måten som europaveg 134 over Haukeli vil vera det for Sørvestlandet.

Likevel er ordførar Jan Geir Solheim (Sp) i Lærdal uroleg for to ting:

– Det må ikkje skje at Regjeringa utset vedtaket om den nordlege traseen. Og me kjempar ein kamp mot Hardangervidda, og den kampen må me vinna.

Tungvektarfylket Hordaland

For seks månader sidan møttest ordførarane i interesseselskapet for ein aust-vest-hovudveg over Hemsedalsfjellet i Sogndal for å finna ut korleis vegkampen mot Hordaland og Hardangervidda kunne vinnast.

Ordførarar ser på kart

LA VINNARPLANEN I JUNI: Alliansar med Sunnfjord, Nordfjord og Møre og Romsdal skal gjera riksveg 52 over Hemsedalsfjellet til hovudveg mellom aust og vest, f.v. ordførarane Jarle Aarvoll (Sogndal), Jan Geir Solheim (Lærdal), Hallvor Lilleslett (Gol), Odd Holde (sekretær, med penn), Oddmund Klakegg (Jølster) og Oddvar Grøthe (Hemsedal).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Hemsedal-ordførar Oddvar Grøthe uttrykte då redsle for den politiske tyngda i statsminister Erna Solberg sitt heimfylke:

– Hordaland er eit stort fylke med ein tung stortingsbenk. Buskerud-benken er middels tung medan Sogn og Fjordane-benken er lett i denne samanhengen, så arbeidet vårt blir å byggja naturlege alliansar.

Utsetjing farleg for Hemsedalsfjellet

I sluttspurten før Regjeringa sitt vedtak er det difor mange som markerer seg sterkt. Sogn regionråd sender difor eit brev til statsministeren i eit forsøk på å gå sigrande ut den politiske vegbataljen.

Skulle Regjeringa velja å utsetja avgjerda om den nordlege austvesttraseen, vil det vera farleg for Hemsedalsfjellet, seier Solheim:

– Då er eg redd for at me går inn i ein langdryg prosess der ingenting til slutt blir bestemt.