– Det var veldig vanskeleg. Men det gjekk fint!
Det seier Anna Liv Scheiber på åtte år etter hennar første møte med eit kyrkjeorgel.
Til vanleg er ho pianoelev ved kulturskulen, men denne laurdagen i november er ho ei av sju born og unge som har teke turen til Hafslo kyrkje.
Både hender og føter må spele på lag for at det skal bli lyd i eit stort kyrkjeorgel.
Der går nemleg første samling i den nyoppstarta orgelklubben føre seg, rekruttert frå pianoelevar ved kulturskular i Sogn.
Tiltaket har som målsetjing å auke talet orgelelevar i regionen.
Instrumenta ingen spelar lenger
Kyrkjeorgel er kanskje det instrumentet dei fleste av oss har eit forhold til, på godt og vondt.
Det er trass alt lyden som føljer mennesket gjennom livet – frå dåp til død.
Men kva skjer når ingen vil spele det lenger?
Kyrkjeorgla er ikkje berre majestetiske instrument reint lydmessig, dei er også estetisk vakre. Men det er ikkje nok for å få folk til å spele det. Her frå Stedje Kyrkje.
Foto: Ingrid Nedrebø / NRKTilbake i 2016 slo fleire organisasjonar og aktørar i norsk musikkliv alarm om låge søkjartal på høgare utdanning innafor fleire instrumentgrupper.
Det resulterte i at instrument i fokus vart skipa. Deira målsetjing er å rette fokus mot nettopp instrumenta ingen spelar lenger:
- Kyrkjeorgel
- Harpe
- Obo
- Fagott
- Kontrabass
Seinare vart også bratsj ført opp på lista.
Orgel er teknisk krevjande. Å spele med beina, eller pedal, er ekstra utfordrande.
Foto: Ingrid Nedrebø / NRK– Kulturarven står på spel
Når søkjartala til høgare utdanning på dei raudlista instrumenta er låge, er det rekruttering som gjeld. Det seier prosjektleiar i Instrument i fokus, Helene Sinding-Larsen.
For ho er det mykje som står på spel når framtida til for eksempel kyrkjeorgel står i fare.
Sogn orgelklubb symboliserer eit musikalsk håp. Frå venstre: Brage Helle Tandberg (11), Anna Liv Scheiber (8), Aiden Mikal Sepulveda Honningsvåg (11), Marco Perez-Hellevang (8), Ingrid Johanne Hurthi (12) og lærar Dora David. To elevar var ikkje til stades på bilde.
Foto: Ingrid Nedrebø / NRK– Det handlar om kulturarv og norsk musikkliv i stor og liten skala. Organistar er kjempeviktige i eit lokalsamfunn. Difor er det avgjerande at vi har ein jamn rekrutteringsstraum og held fram med å utdanne kyrkjemusikarar.
I eit innlegg i Vårt Land skreiv musikarar ved NTNU at kyrkjeorgel er eit sakralt instrument.
Og at kyrkjemusikk og orgel er viktig for folk i møte med det sakrale.
Men inni mellom frykta for ei framtid utan organistar, finst det nokre lyspunkt.
– Eldsjeler landet rundt og orgelklubbar, som den i Sogn, gir framtidshåp, seier Sinding-Larsen.
Ein vellukka oppstart
Tilbake i Sogn hadde kulturskulerektor i Vik, Dora David, lenge merka det ikkje-eksisterande orgelmiljøet i regionen.
Sjølv er ho utdanna treblåspedagog og organist, og tok difor initiativ til å starte orgelklubben.
Dora David saman med elev Ingrid Johanne Hurthi.
Foto: Ingrid Nedrebø / NRKEtter første samling er kulturskulerektoren storfornøgd.
– Borna var veldig motiverte. Nokre klarte til og med å meistre samspelet mellom hender og føter på første forsøk!
Også dei ferske orgelelevane var positive etter sitt første møte med orgelet.
– Det var mykje rarare enn eg hadde tenkt. Eg tenkte ikkje at det kom til å vere tre piano oppå kvarandre, seier Anna Liv Scheiber.
Men vil du halde fram med orgelspel no då?
– Ja!
Gleda er stor når ein meistrar notelesing, pedal, venstre og høgre hand samtidig!
Foto: Ingrid Nedrebø / NRKOg så bli organist?
– Kanskje? smiler åtteåringen.