Hopp til innhold

– Å stå i Spektrum er ein draum

– Eg skal imponere, synge bra og kose meg, seier Eirik Søfteland. Det er oppskrifta på korleis osingen skal nå finalen i Idol 2013.

Eirik Søfteland Finalist

ROCKESTJERNE: Allereie som femåring bestemte Eirik Søfteland seg for å bli rockestjerne.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2013, sjette finalerunde

24-åringen frå Os kjempar i kveld for å vere ein av to som kjem til Idol-finalen.

Finalen vert arrangert 10. mai i Oslo Spektrum, med 8000 tilskodarar til stades. To deltakarar skal synge, og kjempe om platekontrakt og stjernestatus.

Store ambisjonar

Osingen bestemte seg tidleg for å satse på musikk. Allereie då han var fem år gamal var ambisjonen lagt. Då alle andre meinte at han burde gå på skule og ta utdanning, var han ueinig: Han trengte ikkje noko å falle tilbake på, han skulle jo bli rockestjerne!

– Eg har musikalske foreldre, og det har alltid vore mykje allsong i familien. Eg fekk mitt første trommesett då eg var fem år, og har utvikla meg musikalsk heilt sidan då, fortel Søfteland.

Heile vegen har trommer vore hovudinstrument, men han trivast også med andre roller på scena.

– Alt er gøy på kvar sin måte. Trommer er gøy fordi du er veldig fri og kan sleppe deg laus. Du kan sitje bak og vere litt i di eiga verd og berre kose deg med musikken. Men eg elskar også å stå framme på scena, seier 24-åringen.

I bandsamanheng spelar han ulike instrument. Han syng i KingCalling, spelar tangentar i Temple Sleep og trommer i popbandet The Beauty. I tillegg har han spelt med Bjørn Hellfuck, som hadde stor suksess med låta «Krabbeklo» i 2009.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Søfteland Finalist

TROMMER PÅ IDOL: Trommer har vore hovudinstrumentet sidan han var fem år. Det fekk han vise fram på Idol.

Foto: Thomas Reisæter / Idol 2013, femte finalerunde

Støttande bandkameratar

Tom-Erik Svendsen spelar saman med Søfteland i bandet Temple Sleep. Han er glad for suksessen til bandkameraten.

– Det er jo kjempestas at han er med i Idol, og ikkje minst at han har kome så langt. Idol har gitt Eirik ein unik moglegheit til å kunne byggje seg eit namn og leve av å halde på med sin store lidenskap, seier Svendsen.

Han fortel at Eirik har det gøy når han held på med musikk, uavhengig av nisje eller sjanger.

– Det har han bevist gjennom Idol, der han overtyder publikum med si genuine glede av å halde på med musikk, seier bandkameraten, og fortel at dei håper å halde fram med å spele i lag, også i framtida.

– Det skal ikkje leggjast skjul på at Idol-sirkuset vil ta opp mykje av Eirik si tid framover, men dersom tida tillèt det, vil Temple Sleep framleis spele med han bak tangentane.

Sjå Søfteland spele tangentar med Temple Sleep:

Vil halde fram med band

Etter Idol er over, ønskjer Søfteland å satse på ei solokarriere. Men han vil også halde fram med banda han spelar i.

– Det er ikkje slik at banda sluttar fordi eg får ei solokarriere, men vi må vere realistiske på at eg kanskje ikkje får så god tid som eg har hatt før, seier han.

Han fortel at han har støtte frå bandkollegene, og at dei vil at han skal lukkast. Og dersom det blir aktuelt, er det ikkje umogleg at tidlegare bandkameratar kan bli med på soloturné.

– Vi har veldig god kjemi og dei er gode musikarar, så eg vil gjerne ha med gamle bandkameratar i solobandet, fortel osingen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eirik Søfteland The Beauty

TROMMIS: Søfteland ønskjer å halde fram med banda han speler i. Her med popbandet The Beauty.

Foto: Nils-Petter Eidem

Har lært frå dei beste

Eirik Søfteland er sjølvlært, og har ikkje gått på nokon skule for å lære seg songteknikk. Men han har likevel lært frå dei beste.

– Eg har hørt mykje på Ronnie James Dio og Freddy Mercury. Ein lærer faktisk mykje teknikk av å synge med på songar av så gode vokalistar, seier han.

Han har også lært mykje av å prøve seg fram, mellom anna gjennom gode opplevingar på jam og øvingsrom med gode vener.

– Det er litt som å leike i sandkassa, og eg likar veldig godt å leike. Det er viktig for kreativiteten sin del, seier den allsidige musikaren.

Dommarskryt

Eirik Søfteland har fått mange gode tilbakemeldingar i Idol.

Kurt Nilsen har mellom anna sagt at Søfteland har mest musikk i kroppen av alle deltakarane i heile Idol, medan Esben «Dansken» Selvig har takka Noreg for at dei stemte på Søfteland, og sende han vidare i musikkonkurransen.

– Det er alltid koseleg å få skryt. Eg er veldig nøgd med at eg har fått gjort mi greie gjennom heile Idol, og ikkje blitt tvinga til noko, seier rockaren som har bidratt til at musikken i årets utgåve av Idol er svært variert.

– Kan bli episk!

Dersom han kjem vidare frå kveldens sending, blir han ein av dei to som skal stå på scena i Oslo Spektrum fredag 10. mai. Då er det finale i Idol 2013.

– Det kan bli heilt episk! Å stå i Spektrum er ein draum for dei fleste, seier Os-rockaren.

Men han trur ikkje at det blir lett å komme dit. Av dei tre idoldeltakarane som er igjen, vert berre to stemt vidare frå sendinga i kveld.

– Det går veldig på kva som skjer på fredag. Eg må berre gje alt, og imponere, syngje bra og kose meg! avsluttar Eirik Søfteland.