Hopp til innhold

Snur om gigantprosjekt: Vestland vil likevel ha ferjefri E39 – droppar å nemna Hordfast

I april fjerna fylkespolitikarane i Vestland ferjefri motorveg sør for Bergen frå ønskelista. No er ferjefri E39 tatt inn igjen, utan at bruprosjektet Hordfast er nemnd med eit ord.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019

HORDFAST: Fylkestinget i Vestland ønskjer seg ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger, men har vald å ikkje nemnda Hordfast-prosjektet med eit ord i sitt innspel til Nasjonal transportplan.

Foto: Illustrasjon Statens vegvesen

Tysdag stod den største samferdslestriden på Vestlandet på mange år: ja eller nei til Hordfast.

Hordfast er det dyraste delprosjektet i noregshistorias dyraste vegvisjon: Ferjefri kyststamveg langs E39 mellom Kristiansand, Stavanger, Bergen, Ålesund og Trondheim.

30. april sa fylkespolitikarane nei til å gi prosjektet støtte i sitt høyringsinnspel til NTP. Det utløyste sinne i Sunnhordland og trugslar om utmelding frå Vestland fylke.

– Mykje rot

Debatten har splitta fleirtalskonstellasjonen i Vestland.

SV og MDG blei sett på sidelina, medan H og Frp blei inviterte til å forhandla med Ap, Sp, KrF og V for å kunna finna eit kompromiss som eit fleirtal kunne stilla seg bak.

Måndag kveld gjekk dei fire sistnemnde ut med eit fellesframlegg dei håpte kunne løysa striden.

Ferjefri E39 blei løfta inn att på fylket si prioriteringsliste, men Hordfast-prosjektet blei utelate frå teksten.

Med eit naudskrik fekk dei støtte frå H og Frp, trass i at uttalen ikkje nemnde bruprosjektet over Bjørnafjorden.

– Det har vore mykje rot frå desse partia i denne høyringsrunden, seier gruppeleiar i Frp, Terje Søviknes til NRK.

Terje Søviknes 11. desember 2018

KIRITISK: Terje Søviknes er lite nøgd med at fylkestinget ikkje gir støtte til Hordfast i sin uttale til NTP.

Foto: Even Norheim Johansen

To rådyre prosjekt

Alle fylka har frist til 14. mai med å levera sine innspel til kva som bør med i Nasjonal transportplan (NTP) for åra 2022-2033.

I Vestland står striden særleg om to svært dyre utbyggingar:

  • Ny E16 og jernbane frå Arna bydel i Bergen austover mot Stanghelle, deretter vidare til Voss
  • Hordfast: Ferjefri E39 med motorveg og bruer sør for Bergen i retning Haugesund

Begge prosjekta er kostnadsrekna til langt over 30 milliardar kroner.

Fylkesutvalet sette siste dag i april Arna-Voss øvst på lista i sitt høyringsinnspel. Dermed blei ferjefri E39 sett på vent.

Aleksander Øren Heen (Sp), Anne Gine Hestetun (Ap) og Marte Hammer (SV) i fylkestinget mars 2020

BRAUT UT: Aleksander Øren Heen i Senterpartiet (t.v.) og Anne Gine Hestetun (Ap) sette Marthe Hammer (SV) og MDG på sidelinja.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Sterke reaksjonar

Det vekte sterke reaksjonar at politikarane ikkje ein gong nevnte ordet Hordfast.

– Eit svik mot Sunnhordland-regionen i Vestland, sa Frp sin gruppeleiar Terje Søviknes den gongen.

Statsminister Erna Solberg har uttalt til BT at Hordfast bør byggjast. KrF i alle åtte sunnhordlandskommunar har kravd at fylkespolitikarane snur.

Og KrF sin sunnhordlandske samferdsleminister Knut Arild Hareide har uttalt til NRK at Vestland framleis kan håpa på å få både Hordfast og ny E16 og jernbane.

Og på Stortinget har eit fleirtal stadfesta at dei framleis ønskjer Hordfast, uansett kva Vestland fylke ber om.

Tar ikkje stilling til trasé

Ap, Sp, KrF og V valde å ta inn att ferjefri E39 på ønskelista med denne formuleringa.

  • Fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E39. Ein ferjefri E39 mellom Sunnhordland og Bergen gjev store samfunnsvinstar og auka verdiskaping i regionen og landsdelen. Kryssing av Langenuen må startast raskt. Vegane mellom fjordkryssingane må prioriterast med to felt og gul midtstripe heile vegen. Ein må og vurdere standardval på fjordkryssingane. Det må vere høgare frekvens på ferjesambanda inntil desse er avløyst.

Men i voteringa tysdag var det berre den første setninga H og Frp ville støtta.

Dermed er fylkestinget samde om å oppretthalda visjonen om ein ferjefri E39, utan å ta stilling til trasé eller støtta det allereie utgreidde Hordfast-prosjektet.

– Det er ein pågåande debatt om andre traséval. Bjørnafjorden kommune peikar på eit indre alternativ. Me vel å ikkje ta stilling til det, seier Aleksander Heen, gruppeleiar i Senterpartiet.

Flertallet i Vestland

FLEIRTALSKOALISJON: Saka om ferjefri E39 har splitta fleirtalskoalisjonen i Vestland. Varaordførar Natalia Golis (MDG, to frå venstre) meiner fylkestinget aldri ville ha gått utanom Hordfast om det ikkje var partia sin politiske plattform. – Me opplever no dei siste krampetrekningane av fortidas samferdslepolitikk som skiftar ham. Det tek tid.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

– Ein siger for MDG

Det gler fungerande Stord-ordførar Jakob Bjelland (Sp). Han trur ikkje eit høyringsinnspel utan Hordfast set bruprosjektet i fare.

– Me er monaleg meir nøgde i dag enn det me var for halvanna veke sidan.

Også MDG er glade.

Det understrekar gjerne at vedtaket er ope for tolkning.

Natalia Golis kallar det ein siger at Hordfast-prosjektet ikkje er omtalt, sjølv om fylkestinget prioriterer vegprosjektet.

– At me no nedprioriterer Hordfast så tydeleg, er ein siger for MDG, seier varaordføraren.

Søviknes er glad for at eit solid fleirtal no sikrar at fylket prioriterer ferjefri E39 i denne omgang.

– Eg trur ikkje prosjektet står seg dårlegare etter dette. Regjeringa har vedteke traséval, og det står seg også framover, seier gruppeleiaren.