Hopp til innhold

Snur om E39 – nemner ikkje Hordfast

Vestland fylke bør likevel prioritera ferjefri E39, to veker etter at fleirtalet fjerna ferjefri motorveg sør for Bergen frå ønskelista si. Ap, Sp, KrF og V sende måndag kveld ut ei pressemelding der dei gjer det klart at rassikring av E16 og Vossebana bør verta fylket sin hovudprioritet, men at målsetjinga om ein ferjefri E39 blir opprettheldt. Partia har forhandla med H og Frp dei siste dagane, medan posisjonspartia MDG og SV har sete på sidelinja. Dermed får fellesframlegget truleg fleirtal tysdag. Dei fire partia tek likevel ikkje stilling til Hordfast som trasé. – Det er ein pågåande debatt om andre traséval. Bjørnafjorden kommune peikar på eit indre alternativ. Me vel å ikkje ta stilling til det, seier Aleksander Heen, gruppeleiar i Senterpartiet.

Hordfast med bru over Bjørnafjorden E39 Hordaland 2019
Foto: Illustrasjon Statens vegvesen