Hopp til innhold

Gjekk i minus i ti år på rad - no har Westcon Yards snudd det til pluss

Verftet i Florø gjekk med underskot i ti år på rad. Så kjøpte Westcon Yards det av STX i 2012, og etter eitt år gjekk det med overskot, skriv TU Petroleum .

Westcon Yard Florø

MINUS TIL PLUSS: Westcon Yards i Florø.

Foto: Harald M. Valderhaug

På 1990-talet var det gode tider for bygging av kjemikalietankskip, og verftet gjorde gode pengar under ulike eigarar, mellom andre Kjell Inge Røkke. Men etter 2000 vart oppdraga færre og færre.

STX fekk stadig dårlegare resultat, og mot slutten av 2012 kjøpte Westcon det tradisjonsrike verftet, som opphaveleg heitte Ankerløkken verft Steinar Matre leier subseasatsinga i Westcon Yards, og han seier at dei såg potensialet i verftet i Florø

– Vi tenkte at dette var ein perfekt plass til å drive med offshore- og subseaaktivitetar. Det er eit fantastisk anlegg, seier han.

Westcon Yards har investert mykje i anlegget for å kunne levere tenester til offshorekundar, mellom anna med utdjuping og nytt kaianlegg. I tillegg skal det investerast for 430 millionar kroner fram til 2016.

Westcon Yards Florø har om lag 120 tilsette.