– Laurdag har skredfaren vore på nivå tre i Hordaland, og det er betydeleg, men i morgon vil det sannsynlegvis auke til stor snøskredfare, seier vaktkommandør Solveig Kosberg i Snøskredvarslingen.
Både for Voss og Røldal har Snøskredvarslingen varsla stor snøskredfare, nivå fire, for sundag 14. desember. Det gjeld også området imellom dei to stadene.
– Det har komme veldig mykje snø, og det er meldt mykje vind, endå meir nedbør, og i tillegg ein temperaturstigning i morgon. Det gjer at skredfaren aukar, seier Kosberg.
- LES OGSÅ:
Skredfare på Vestlandet
I store delar av Sogn og Fjordane har snøskredfaren vore på nivå tre laurdag, noko som er betydeleg ifølge Snøskredvarslinga.
– Det er veldig krevjande forhold, og heilt opp til og med Sunnmøre har det komme mykje snø, seier Solveig Kosberg.
Ho seier det har komme litt mindre snø på Austlandet, og det same gjeld nordvest på Vestlandet.
– Der er snøskredfaren moderat. I Møre og Romsdal har det kome mest snø på Sunnmøre. I Romsdalen og i Trollheimen er det litt mindre snø og dermed litt mindre skredfare, seier Kosberg.
Oppfordrar til å ta forholdsreglar
Solveig Kosberg i Snøskredvarslingen seier det blir ein rufsete dag på sundag, og ho anbefaler folk å halde seg unna bratt terreng.
– Er du ute på ski og køyrer i alpinanlegg, så er rådet å halde seg innanfor preparerte løyper, seier ho.
– Det er viktig å oppfordre folk til å vera ute, men det er viktig å ta forholdsreglar. Er du i tvil, så bør ein vera konservativ når ein vel tur, legg ho til.