Snøskredet i Myrkdalen antakeleg løyst ut av skiløpar – politiet åtvarar

Eit stort snøskred, antakeleg utløyst av ein skiløpar, førte til storutrykking til skianlegget Myrkdalen i Voss. – Små marginar mellom hell og uhell, seier politiet.

Snøskred Myrkdalen

SKRED: Biletet viser området kor raset gjekk.

Foto: Mathilde Rognaldsen Sørlie

Klokka 18.30 laurdag kveld vart søket avslutta.

– Det er ingenting som tyder på at nokon er tekne av skredet. Me avslutta for litt sidan, og held no på med å få leitemannskapa ned att frå fjellet, seier Bjarte Rebnord, operasjonsleiar i politiet til NRK klokka 19.10.

Politiet fekk melding om skredet klokka 13:52. Det var skispor i området, og store styrkar rykka ut for å vera sikre på at ingen var tekne av skredet. Det har blitt søkt manuelt i skredet, med hundar og frå lufta.

– Me var på veg tilbake til hytta, så me såg det først på nettet. Då vart eg jo bekymra, for me hadde jo nettopp vore i nærleiken av der skredet gjekk. Det er litt ekkelt å tenka på, seier Jannike Elholm Østervold.

– Mannen min køyrer mykje utanfor løypene, så eg ringde han med ein gong. Men han hadde heller ikkje fått det med seg, seier Lilli Løvås Storebø.

Lilli Løvås Storebø (t.v.) og Jannike Elholm Østervold

Jannike Elholm Østervold (t.h.) og Lilli Løvås Storebø

Foto: NRK

Antakeleg utløyst av skiløpar

Skredet gjekk nord for hyttelandsbyen, i området Storebotnen. Dette er også i nærleiken av det populære Kari Traa-trekket, som stoppa kort tid etter skredet gjekk.

– Politi, brannvesen, Røde Kors, Norsk Folkehjelp, Norske redningshundar, ambulanse og luftambulanse og skianlegget si skipatrulje har vore med i søket.

Skipatruljen frå skisenteret var der tidleg og gjorde at me fekk ein veldig god start på aksjonen, seier Rebnord i politiet.

Politiet skriv søndag morgon på Twitter at skredet antakeleg vart løyst ut av ein skiløpar, som stod att på brotkanten.

Dei oppfordrar folk i fjellet til å vera obs, og minner om at snøskredfaren framleis er svært høg.

Leiteaksjon, snøskred i Myrkdalen.
Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK
Snøskred i Myrkdalen. Leitemannskap er på plass.
Foto: Arne Hofseth
Leitemannskap på veg til snøskredet i Myrkdalen.
Foto: Arne Hofseth
Myrkdalen
Foto: NRK-tipsar

– Fekk hjartet i halsen

Skigåarane Mathilde Rognaldsen Sørli og mora Ina Rognaldsen tok trekket opp til toppen og køyrde forbi skredet kort tid etter det hadde rast.

Dei har erfaring med området og veit at det er skredutsett. Dei valde derfor ei annan rute ned. Ina Rognaldson syns det såg dramatisk ut.

– Eg har sett eit par skred før, og dette er svært. Eg fekk hjartet i halsen då eg såg det. Området var uoversiktleg, seier Rognaldsen til NRK.

Søndag er det meldt strålande vêr , men også betydeleg snøskredfare i store delar av landet. Østervold og Storebø seier dei nok kjem til å ta det med i planlegginga for søndagen.

– Ein blir kanskje litt skeptisk til i morgon, slik at me ikkje bevegar oss på dei høgaste toppane, seier Østervold.

Video som viser snøskredet i Myrkdalen

Video som viser snøskredet i Myrkdalen