Snøskred på Vikafjellet

Riksveg 13 over Vikafjellet er stengt på grunn av snøskred. – Entreprenør vil prøve å få starta brøyting så snart det let seg gjere, opplyser Vegtrafikksentralen. På grunn av uvêr har det vore kolonnekøyring over Vikafjellet.