Hopp til innhold

HRS: – Har søkt gjennom skredet utan å finne folk

Det har gått to snøskred med ei breidde på nær 100 meter ved Fåberg i Luster kommune. Redningsmannskapa kjenner seg no trygge på at ingen er tekne av skredet.

Skred

UAVKLART: Snøskredet har skjedd ved fylkesveg 334 i Jostedalen.

Foto: NRK-TIPSAR

SISTE: – Vi har no søkt gjennom skredet og er ferdige på staden. Det er ikkje gjort funn av folk, og vi har heller ingen indikasjonar på at nokon skal vere tekne av skredet, opplyser vakthavande ved Hovudredningssentralen på Sola til NRK klokka 14.30 torsdag ettermiddag.

– Vi har ikkje gjort funn, så frykten er mindre for at nokon er tekne, seier Lars Geitle, som er operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Bergen.

Det var brøytemannskap som melde frå om raset til Vegtrafikksentralen i Bergen. Politiet leiar aksjonen med alle naudetatane, skredgruppe og

– Skredet er ikkje stort nok til at det kan ha tatt ein bil, seier Geitle.

Skredet har gått i eit område som ofte vert brukt av skientusiastar. Det var skispor på staden.

– Vi valde å trykke på den store og raude knappen på grunn av desse spora, men skispora er truleg frå i går. Norske redningshundar er på veg, seier Geitle.

Geir Vidar Tuften er næraste nabo til skredet Svårafonni.

– Det er over 100 meter breitt og mellom to til tre meter høgt, seier han.

Skredet dekker fylkesveg 334 og fleire familiar innestengde av raset.

– Sist det gjekk ras var i 2015. I løpet av 50 år har det rasa på denne vegen mellom fire og fem gonger, seier Tuften.

Det er fare for at det kan komme fleire ras. Vegtrafikksentralen i Lærdal melder om at vegen ikkje vert opna att i dag.

Laster Twitter-innhold
Fåberg

FÅBERG: Naudetatane er på veg til Fåberg i Jostedalen.

Foto: SKJERMDUMP