Hopp til innhold

Snørr og tett i pappen? Du er ikkje åleine

Har du feber og snørr? Truleg er det berre ei mild forkjøling. Verre blir det. Om nokre veker kjem både norovirus med oppkastsjuke og influensa.

sykt barn

SÅR HALS OG TRØTT? Det er tida for forkjøling, og mange er sjuke opplyser Folkehelseinstituttet. Men berre vent, snart kjem årets influensa og ikkje minst Noroviruset.

Foto: DenisNata / Colourbox

– Det er veldig mange som er sjuke. Mange er forkjølt og har vondt i halsen. Men det er nok berre ei forkjøling, seier Siri Helene Hauge som er overlege ved Folkehelseinstituttet.

Symptoma er klassiske for dei øvre luftvegane, med snørr og litt vondt i halsen og litt feber som går over i løpet av nokre dagar.

Haust-teikn

Det er heilt vanleg at mange blir forkjølt når skule og barnehage startar opp. Så forkjølinga er eit sikkert haustteikn for Folkehelseinstituttet.

– Det er heilt vanleg at vi om hausten får mange spørsmål om forkjøling. Men vi har ingen registreringar på kor mange som er sjuke av forkjøling.

For å unngå å bli forkjølt er handhygiene svært viktig.

– Forkjølingsviruset er svært smittsamt, så god handhygiene er svært viktig. Så dersom ein blir sjuk sjølv er det viktig å prøve å unngå å smitte andre. Då er det viktig å unngå å hoste på andre. Det gjer mykje.

Influensaen kjem snart

Det er nemleg seinare at den klassiske influensaen kjem.

– Vi veit ikkje kva tid influensaen kjem. Men vi startar overvakinga i slutten av september. I veke 40. Vanlegvis kjem influensaen på vinteren og særleg i januar og februar. Men dette veit vi aldri.

Kor sterk og kor hardt årets influensa vil råke er det heller ingen som veit enno.

Men det klassiske Noroviruset som drar med seg spy-sjuke brukar også å komme litt seinare på året.