Hopp til innhold

Snøproduksjonen er i gang

Sjølv om natursnøen enno held seg på avstand er det i ferd med å bli kvitt på spesielt utvalde stader i Sogn og Fjordane.

Snøproduksjon på Sogn Skisenter

MANGE SLIKE: På Sogn Skisenter sprutar det snø ut av 20 kanonar.

Foto: Runar Tørvi

På Sogn Skisenter sette dei snøproduksjonen i gang i går kveld, seier Runar Tørvi.

– Vi såg at det drog seg til med litt kuldegarder utover kvelden, og vi fekk starta kanonane i åttetida i går kveld.

Sogn Skisenter på Heggmyrane har 20 snøkanonar fordelt på to anlegg.

– Vi har snølegging frå kafèområdet på 300 metes høgde og opp til vel 750 meters høgde i hovudbakken.

– Ikkje heilt optimalt

For å få god produksjon bør det vere ein del kuldegrader. No er det mellom fire og fem minusgrader på Heggmyrane.

– Det er ikkje heilt optimale tilhøve, vi skulle helst ha hatt det endå litt kaldare, og det skulle helst ha vore mindre luftfuktigheit. I går kveld var det 94 prosent, men det kjem til å avta når vi har hatt slikt vêr ei stund.

Og sjølv om dei skulle få lagt rikeleg med kunstsnø er ikkje det nok til å opne anlegget for folk som lengtar etter å få snø under skia.

– Kunstsnøen er eit viktig supplement for å få ein god sole, men utan natursnø er det ikkje noko skisenter.

Også Jølster skisenter starta produksjonen av kunstsnø i dag.

Snøproduksjon Jølster skisenter

PRODUKSJONEN I GANG: Også på Jølster skisenter er dei i gang med å produsere kunstsnø.

Foto: Jølster skisenter

– Konstant på yr og storm

Men alle som driv skisenter ser helst at dei får godt med snø oppefrå om ikkje alt for lenge. Dermed er dei svært opptekne av alt som heiter vêrmeldetenester for tida.

– Vi er konstant pålogga på yr og storm, seier Runar Tørvi.

I fjor kom natursnøen før dei fekk laga kunstnsø.

– Då var det varmegrader heilt til snøen lava ned. Og då kom han i slike mengder at vi ikkje produserte snø før etter nyttår, så vidt eg hugsar. Det var ein ynskjesituasjon, for det er natursnøen vi vil ha.

Så det Runar Tørvi ynskjer seg framover er 14 dagar med kuldegrader og deretter skikkelege mengder med natursnø fram mot jul og sesongstart.

Snøproduksjon Jølster skisenter

KVITT I ØVSTE DELEN: På Jølster skisenter har dei starta i den øvre delen av bakken.

Foto: Thomas Brakstad / NRK