Hopp til innhold

Snøkule var skuld i at bunadsbutikken tok fyr

Ei snøkule sette fyr på butikken til Mona. – Eg vil åtvara andre om denne faren.

bunadsbrann snøkule

DEN SKULDIGE: Denne snøkula med figurar frå filmen «The Nightmare Before Christmas» var årsaka til at ein bunadsbutikk i Bergen sentrum byrja å brenna.

Foto: Privat

Søndag var det opne flammar i bunadsbutikken til Mona Nygård Turøy, Bergens Broderiservice AS.

Forbipasserande observerte opne flammar inne i butikken, og melde frå til brannvesenet, skriv BA. Det vart raskt klart at det ikkje var nokon stor brann. Men brannårsaka er spesiell.

No har politiet konkludert:

– Mest sannsynleg har sola skine på ei glaskule, slik at det har blitt varmeutvikling og teke fyr, seier politiadvokat Elisabeth Morstøl.

Denne konklusjonen trekkjer dei fordi ingen rørslesensorar i butikken vart utløyste, dei veit at nøkkelen til butikken var under kontroll, og at videoovervaking viser at ingen var i butikken.

Brannen har altså tent på seg sjølv.

Lupeeffekt

Det var i 20-tida søndag kveld at det brann i butikken til Turøy. Ho undrar seg over korleis det kunne skje.

– Kula stod 3,5 meter inne i lokalet, seier Turøy. Ho meiner det i utgangspunktet er for langt inne til at det skulle utgjera eit problem.

bunadsbrann Mona Nygård Turøy

Mona Nygård Turøy er dagleg leiar i Bergens Broderiservice AS.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

– Men det var veldig låg sol, og så hang det eit handlenett like bak. Dermed har det blitt ein lupeeffekt som gjorde at handlenettet tok fyr.

Bjørn Næs er senioringeniør i Bergen brannvesen. Han kallar brannårsaka eit «optisk fenomen».

– Grunnen til at det byrjar å brenna er at solstrålane blir samla på ei mindre flate eller i eit punkt, som ved bruk av forstørringsglas, forklarer Næs.

I 2021 rapporterte brannvesenet om 3210 bygningsbrannar i Noreg.

Dei antek at berre 16 av brannane starta på denne måten.

– Så det er ikkje veldig vanleg, seier han.

Vassmuggar ein fare

Det typiske for slike brannar er at vendbare sminkespeglar som står i vindauga blir trefte av solstrålar.

Strålane blir reflekterte av den konvekse flata på spegelen og treffer ei gardin som kan ta fyr.

– Eit anna eksempel er solstrålar som fell gjennom ein vassmugge slik at ein duk tek fyr, seier Næs.

Han nemner òg andre eksempel:

Solstrålar som fell ned i ein parabolforma metallbolle, slik at gjenstandar i bollen tek fyr, eller solstrålar som fell gjennom ei lupe som er montert på ei leselampe, slik at ein stol byrjar å brenna.

– Åtvaring

Brannen i bunadsbutikken vart ikkje veldig stor, men likevel har det blitt både sot- og røykskadar.

I tillegg til handlenettet som tok fyr, var det òg nokre varer av tre som brann.

Førebels er det ikkje kartlagt kor store skader brannen har gjort. Røyklukta pregar lokalet, og butikken er stengd på ubestemt tid.

bunadsbrann gjennom vindauga

Låg kveldssol sende strålar gjennom butikkvindauga, 3,5 meter inn i rommet og trefte snøkula.

Foto: Brynjar Osgjerd
garn med oske - bunadsbrann

Det er framleis restar av oske på varene i butikken. Mange av varene er truleg øydelagde.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal
bunadsbrann butikkgolv

Dei mest synlege skadene er på golvet i butikken. Her stod det ei korg som brann heilt opp.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal
bunadsbrann

På denne stolpen hang tøynettet som tok fyr. Snøkula stod på hylla.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal

Dei fleste bunadane hang på bakrommet, så dei blir truleg så gode som nye etter ein reins. Varene inne i butikken er det verre med, men kor mykje som er øydelagt står att å sjå.

Alt i alt er Turøy først og fremst glad for at brannen ikkje vart større, og at det ikkje vart fare for liv og helse. Ho vil likevel åtvara andre.

– Dei fleste tenkjer nok ikkje at det er fare 3,5 meter inn i rommet. Me har utstilling i vindauga i tillegg, som i utgangspunktet er med på å skjerma for sol inn i lokalet, så dette er ei grei åtvaring.

bunadsbrann kuler

Mona Nygård Turøy har no plassert dei andre snøkulene trygt nede i ei skuff.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal