Hopp til innhold

Fleire snøskred i Sør-Noreg søndag ettermiddag

Fokksnø og uvêr har gjort snøforholda i Sør-Noreg ustabile og skredfarlege. I Hallingdal blei tre skiløparar tatt av skred.

Johan Borgenvik sjekkar snøskredfaren med å ta prøver i Jostedalen i Sogn.

SJEKKAR FAREN: Johan Borgenvik sjekkar snøskredfaren med å ta snøprøver i Jostedalen i Sogn.

Foto: Jostein Aasen / NVE

Søndag ettermiddag blir det meldt om fleire snøras i Sør-Noreg, blant anna i Flå i Hallingdal og på Lifjell i Telemark.

På Høgevarde i Flå blei tre skiløparar med skredet nokre meter, men kom seg ut sjølv og er ikkje skadde, melder politiet.

Politiet åtvarar no andre i fjellområda om å vere forsiktige.For vêrendringa i Sør-Noreg har ført til aukande skredfare. Særleg er fokksnøen skummel.

– Den vil legge seg som flak oppå eit ustabilt underlag, fortel skredvarslar i NVE, Emma Julseth Barfod.

– Det vi har gått ut med no på varsom.no er at det kan vere svært lett å løyse ut skred når det kjem snø og vind. Unngå skredterreng, særleg der du ser at det legg seg opp ferske flak, er den klare oppmodinga frå Barfod.

På den siste varslinga har fleire område fått faregrad 3, som svarar til betydeleg fare.

Områda som er råka er Sunnmøre, Indre Fjordane, Jotunheimen, Indre Sogn, Voss, Hallingdal, Hardanger, Vest-Telemark og Heiane.

Det er venta at faren for skred skal halde seg også dei neste dagane.

Kontrasten er stor til Nord-Noreg, der dei fleste områda er på faregrad 1 og 2.

Mykje snø

Meteorologane reknar med at det vil kome mellom 10 og 20 centimeter nysnø i låglandet på Vestlandet laurdag kveld og søndag.

– Men i fjellområda vil det kome enda meir snø, seier Magny Svanevik.

Nærare kysten, som til dømes i Bergen, vil det bli ein god miks av snø og regn, før det igjen blir kaldare.

Barfod i skredvarslinga vil ikkje rå frå folk å kome seg ut i naturen, sjølv om skredfaren er stigande.

– Dersom ein held seg unna skredområda, så vil det blir fine forhold for skigåing, trugeturar og aking.

Sterk vind

Bakgrunnen for vêrskiftet er store nedbørsmengder og sterk vind inn over Vestlandet og fjella i Sør-Noreg laurdag.

Eit kraftig lågtrykk har dei siste dagane bygd seg opp nord for Island og vil prege vêret no i helga.

Ved Kråkenes fyr vart det laurdag ettermiddag observert vindkast på 35,3 meter i sekundet.

Laster Twitter-innhold

Redningsaksjon ved Fedje

Hovudredningsaksjonen på Sola sette i verk redningsaksjon og kalla ut slepebåt, etter at eit 50 meter langt skip miste motorkraft laurdag ettermiddag vest for Fedje.

HØG SJØ: Video frå redningsaksjonen laurdag ettermiddag. Bileta er tekne av redningshelikopter Florø.

Videoen frå redningshelikopteret viser kor røffe forhold det til tider har vore på sjøen denne helga.

Fartøyet vart etter kvart slept trygt inn til rolegare farvatn av slepebåten Baut.

Pass på i fjellet

Statens vegvesen går no ut med råd til dei som må køyre over fjellet.

– Hugs gode dekk, full tank, varme klede, pledd og varm drikke og mat, skriv dei på Twitter.