Hopp til innhold

Snøkaos i Bergen: På dette flyet venta passasjerane i over tre timar

Snøfallet i Bergen skapte tidvis kaos i trafikken både på vegane, skinnene og i lufta. På Flesland må flypassasjerar smørje seg med tolmod.

Fly har venta på avgang i tre timar.

KJEM FOR SEINT: Flypassasjerane på SAS-flyet frå Bergen til Stavanger blir kraftig forsinka. Etter å ha gått om bord i flyet i 09-tida, har dei blitt ståande ved gaten i kø med andre fly som skal ut på rullebana.

Foto: 03030-tipsar

– Flyet skulle opphavleg ta av klokka 08.00, men ombordstiging vart utsett til ca. 9. No har vi fått melding om at flyet skal ta av klokka 12.30, seier ein passasjer på eit SAS-fly som skulle vore i Stavanger for lengst.

Mannen, som ikkje vil ha namnet sitt i media, har altså blitt sittande inne i flyet ved gaten i godt over tre timar utan at det bevega på seg.

Like før klokka 12.00 melder Avinor at rullebanen er stengt igjen. Det vil igjen føre til at køen av fly som skal ta av og lande blir lengre.

– Eg har bedt om å få gå av, men det var visst ikkje mogleg. Må berre ta det med eit smil, det er ein av dei dagane, seier flypassasjeren til NRK.

Klokka 12.10 har flyet pusha frå gate og venta på klarsignal for å ta seg ut på rullebanen. Flyet letta til slutt klokka 12.53.

– I vinterlandet Noreg er ein eigentleg god på vintertrafikken, men på enkelte dagar som i dag blir det forseinkingar når vinteren slår til for fullt, seier pressesjef Tonje Sund i SAS.

– Det har vore veldig vekslande snøvêr i dag. Og så har ein truleg valt å boarde for å vere klar når rullebana skulle opne. Vi forsøker jo å minimere konsekvensane for passasjerane, men til sjuande og sist handlar dette om tryggleik, seier Sund.

Snødekt Norwegian-fly på Flesland i Bergen

STENGT: På Bergen lufthamn Flesland har trafikken vore stengt fram til klokka 08.00 på grunn av det kraftige snøvêret. Då fekk folk byrja å gå om bord i flya.

Foto: Rune Møklebust / NRK

Kan bli stengd på kort varsel

Det store snøfallet i Bergen og omland tysdag morgon skapte store utfordringar for fleire. I løpet av natta har det kome ein stad mellom 15 og 30 cm med nysnø.

På Bergen lufthamn Flesland vart rullebanene stengd tidleg om morgonen og dei første flya tok ikkje av før i 09-tida. Det har ført til kanselleringar og kraftig forseinkingar for fleire flypassasjerar.

Brøyting på Bergen lufthamn Flesland

PÅ SPRENG: Brøytemannskapa på Bergen lufthamn Flesland har hatt hendene fulle heile natta og morgonen.

Foto: Avinor

Like før klokka 12.00 opplyser Avinor til NRK at dei har stengt rullebanen på Flesland for brøyting igjen. Den vil truleg bli stengd i korte periodar utover dagen for å sikre trygg rullebane for avgang og landing.

Bybanen mista straumen

Elles i trafikken fekk snøfallet følgande konsekvensar:

  • I Øygarden sklei ein buss av vegen i Vestsidevegen på Ågotnes. Ingen personar kom til skade. Vegen vart i ein periode stengd for å berge bussen opp igjen frå grøfta.

  • Bybanens linje to til og frå Fyllingsdalen var innstilt lenge på grunn av straumbrot. Klokka 07.38 oppdaterte Skyss at linje 2 køyrer mellom Kaigaten og Kristianborg, men at resten av traseen var innstilt grunna tekniske problem. Klokka 09.30 var heile linja opna igjen.
  • Frontkollisjon på fylkesveg 49 i Samnanger ved Fossen Bratte. Involverte personar kom seg ut av bilane og var medvitne. Vegen vart stengd, men opna att like før klokka 08.30.

I tillegg gjekk det seint på vegane inn til Bergen sentrum i morgontimane. Det har også vore mindre uhell i bergenstrafikken utover føremiddagen.

Alle forseinkingar og innstillingar i kollektivtrafikken får du oversikt over her.

Klarvêr seinare i dag

Også i Rogaland har snøvêret gitt konsekvensar.

10 helikopteravgangar frå Sola lufthamn til oljeinstallasjonar i Nordsjøen er utsett til seinare i føremiddag. Blant anna er fire avgangar frå Sola til Ekofisk utsett til 09.30.

– Vi held trafikken tilbake frå plattforma i dag grunna brøyting på rullebanene. Så snart været blir betre, kjem vi til å begynne med å ta av kortare turar. Vi satsar på å få avvikla det meste av flyprogrammet i løpet av dagen, seier Gisle Ledel Johannessen i Equinor til NRK.

Statsmeteorolog Skare seier snøbyene skal trekke sørover utover føremiddagen.

– Det vil i så fall gi ein fin ettermiddag og kveld med mykje klarvêr i Bergen og omland, seier Skare.