Hopp til innhold

Snøbyer og nullføre kan skape kaos midt i helgeutfarten

Frå fredag av kan det bli kvitt fleire stadar i landet. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om vanskelege køyreforhold.

Snø

GULT FAREVARSEL: Det er sendt ut gult farevarsel om vanskelege køyreforhold i fleire delar av landet.

Foto: SKJERMDUMP/ YR.NO

Snøbyer og nullføre kan skape kaos midt i helgeutfarten.

– Temperaturane vil falle allereie frå torsdag av. Mange vil nok kunne sjå noko kvitt på fredag, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Hardangervidda

HARDANGERVIDDA: Slik ser det ut for alle bilistar som skal over rv. 7 Hardangervidda på torsdag. Verre kan det bli.

Foto: NRK-TIPSAR

I Hordaland og Rogaland er snøgrensa nede på 500 meter frå fredag av. Allereie no ligg det snø og slaps på rv. 7 over Hardangervidda. Vegtrafikksentralen vest har fått inn fleire meldingar om bilistar som slit på glatta. To bilar har køyrt ut i grøfta.

Snøgrensa vil krype ned til 200 til 400 meter i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Meteorologisk institutt har difor sendt ut eit gult farevarsel for å åtvare om at det lokalt kan bli vanskelege køyreforhold.

– Folk må vere forsiktige. Snøbyer og nullføre kan by på trøbbel for trafikantane, seier Andersen.

I Nord-Noreg er det venta at snøen vil legge seg i både Troms og Finnmark. I Nordland er snøgrensa frå 100 til 300 meter. Også her må ein vente seg vanskelege køyreforhold. Allereie frå laurdag av vil det bli mildare vêr i nord.

Anne Solveig Andersen

NO BLIR DET KALDT: Allereie frå torsdag av vil det bli kaldare fleire stadar i Sør-Noreg, seier meteorolog Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

Varsel om at vinteren er på veg

Har du planar om å ta turen mellom aust og vest, eller lenger nord i landet, så er det alt anna enn lurt å køyre med sommardekk.

– Alle som skal over fjellet må ha vinterdekk. No er det null grader, stort sett bart, men med glatte parti i Sør-Noreg, seier trafikkoperatør for Vegtrafikksentralen i Lærdal, Ketil Molvær.

Det er ikkje berre bilistane som skal over fjellet som bør tenke på å byte dekk.

– Byene kjem ofte lokalt, så folk flest bør kanskje vurdere å skifte ut sommardekk med vinterdekk. Det ser ut til at dette er eit forvarsel om at vinteren er på veg, seier Molvær.

Laster Twitter-innhold