Snø og vind skaper problem på fjellet

Vinteren har festa eit grep rundt fjellovergangane. Fleire vegar er stengde på grunn av uvêr, og på resten er det vanskelege køyreforhold.

Hol Aurland

STENGD: Slik ser det ut mellom Hol og Aurland laurdag kveld, på ein av fleire fjellovergangar som er stengde på grunn av uvêr, dårleg føre og dårleg sikt.

Foto: Statens vegvesen / webkamera

– Dette er den første vinterhelga, slår Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen fast.

I tillegg til fleire stengde vegar, er mange høgtliggande vegar prega av snø- og isdekke, og andre av slaps.

– No passar det verkeleg å oppfordre folk om å tilpasse farten til forholda. Mange køyrer litt for fort når det er slaps, og då får ein lett skrens, seier Nedberge Hille.

Slik er situasjonen på fjellovergangane klokka 19 laurdag kveld:

  • Fv 13 Gaularfjellet: Stend på grunn av uvêr.
  • Fv 50 Hol-Aurland: Stengd på grunn av uvêr.
  • Fv 55 Sognefjellet: Stengd på grunn av uvêr.
  • Rv 13 Vikafjellet: Snø- og isdekke (tidlegare laurdag kolonnekøyring).
  • Rv 15 Strynefjellet: Snø- og isdekke, fare for glatte parti.
  • Rv 52 Hemsedalsfjellet: Snø- og isdekke, redusert sikt på grunn av snøfokk, kolonnekøyring kan bli innført på kort varsel.
  • Ev 16: Filefjell: Snø- og isdekke, vanskelege køyreforhold.

For oppdaterte meldingar, sjekk vegvesen.no eller NRK Trafikk

– Eg får i alle fall inderleg håpe at alle har skifta til vinterdekk. Eg vil ikkje ha fleire telefonar frå folk som spør om dei kan køyre på sommardekk. Det er farleg og no også ulovleg, seier Nedberge Hille.