Vanskelege køyreforhold: Kolonne på fjellovergangane og bil i elva

Ein bil har køyrt i elva i Sunnfjord. Snøfall og sluddbyer har gjort køyreforholda utfordrande fleire stader onsdag morgon. Fleire stader har det vore mindre trafikkuhell.

Bil i elv ved Sygna i Sunnfjord

BIL I ELVA: Ein bil har hamna i elva ved Sygna i Sunnfjord.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

SISTE: Ein bil har køyrd i elva på fylkesveg 610 ved Sygna i Sunnfjord, mellom Sande og Osen. Dei to som var i bilen har kome seg ut og er tilsynelatande uskadde.

Begge to er likevel køyrt til legevakta for ein sjekk, opplyser politiet på staden.

Slik er stoda på fjellovergangane i Sør-Noreg onsdag føremiddag:

  • E16 Filefjell, ope for fri ferdsel.
  • E134 Haukelifjell, kolonne.
  • Rv. 7, Hardangervidda, kolonne.
  • Rv. 13, Vikafjellet, stengd grunna rasfare. Ny vurdering torsdag kl. 14.
  • Rv. 15 Strynefjellet, ope.
  • Rv. 52 Hemsedalsfjellet, ope.
  • Fv. 50, Hol Aurland, ope.
  • Fv. 53, Tyin – Årdal, stengt, ny vurdering kl. 10.

Dårleg vêr

– Det er tett i mellom byene, snø- og sluddbyer, seier meteorolog Magni Svanevik ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

På kysten vil byene i stor grad kome som regn, kanskje med hagl i enkelte byer. Vind ifrå vest og nordvest vil periodevis vere stiv kuling på kysten og i fjellet fortel ho.

– Det er ført til utfordrande forhold på vegane, seier John Andreas Omdal ved vegtrafikksentralen.

Både Statens vegvesen og politiet åtvarar mot vanskelege køyreforhold.

– Det er glatt enkelte stader, så køyr forsiktig, er oppmodinga til Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Fleire utforkøyringar

I morgontimane var det fleire trafikkuhell grunna det glatte føret.

• Riksveg 5 ved Storebru mellom Førde og Florø i Sunnfjord. Ein bil har køyrt av vegen, ingen personskade.

• E39 ved Breimsfjell mellom Sandane og Byrkjelo i Nordfjord. Ein bil har køyrt av vegen. Politi og ambulanse er på staden, men ingen personskade.

I dag tidleg køyrde ein bil i eit skilt på rv. 55 ved Vadheim i Sogn. Føraren vart sendt til legevakt.

Utforkøyring på Vassenden, E39.

UTFOR VEGEN: Snø- og sluddbyer gjorde køyreforholda fleire stader i Sogn og Fjordane ufyselege tysdag kveld.

Foto: Torje Bjellaas / NRK