– Me tykkjer det er ein uryddig og tilfeldig prosess, seier leiar for Indre Sogn jordskifterett, Hans Ruud.
Ruud og dei andre jordskifterettsleiarane på Vestlandet gjer opprør mot den nasjonale Domstoladministrasjonen. Desse seks har skrive brev til sine eigne overordna, der dei protesterer mot å slå saman leiinga ved fleire jordskifterettar i vest:
- Trond Berge, Sør-Rogaland jordskifterett
- Oddmund Roalkvam, Haugaland og Sunnhordland jordskifterett
- Thorbjørn Svane, Indre Hordaland jordskifterett
- Vidar Otterstad, Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett
- Eivind Helleland, Nordfjord jordskifterett
- Hans Ruud, Indre Sogn jordskifterett
Domstoladministrasjonen vil nemleg fusjonera leiinga ved jordskifterettane i Bergen og Voss – og har planar om det same ved domstolane i Sogndal og Førde når Ruud pensjonerer seg i løpet av året.
– Tilfeldig og uryddig
– Me reagerer fordi oppretting av felles leiing vil føra til ei varig strukturendring av jordskifterettane, og fordi dette skjer der det tilfeldigvis blir ledig ei stilling – utan ein overordna plan, seier Ruud.
Jordskifteretten er ein særdomstol for eigedomssaker (sjå faktaboks). Ruud meiner ei sentralisering av slike rettar har fleire veikskapar enn føremoner:
- Det vil svekkja lokalkunnskapen.
- Eventuelle innsparingar blir etne opp av fleire og lengre synfaringsreiser.
- Avstanden mellom domstolen og brukarane vil bli lenger:
– Ein jordskifterett handsamar fyrst og fremst eigedommar, og dei ligg der dei ligg. Det blir ein høgare terskel for å bruka oss, seier Ruud.
«Mistyding »eller «strukturelle grep»?
– Dette er ei mistyding. Domstoladministrasjonen har ingen planar om ei felles permanent endring for jordskifterettane på Vestlandet, slik det no ligg an, seier Erling Moe, avdelingsdirektør for kommunikasjon ved Domstoladministrasjonen.
Det Moe kallar ei «mistyding», omtalar stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete (Sp) som «tilfeldige strukturelle grep utan politisk kontroll». Stortinget har nemleg sagt nei til domstolsfusjonar, før det blir laga ein nasjonal plan for framtidig domstolsstruktur.
Å slå saman leiing er i strid med dette, seier Navarsete, som meiner Domstoladministrasjonen bør lytta til jordskifterettsleiarane:
– Det er særs uvanleg at så mange leiarar gjer opprør og protesterer mot det me no ser konturane av.
Navarsete har stilt eit spørsmål til justisminister Anders Anundsen (Frp) om saka. Anundsen ønskjer ikkje å kommentera før han om kort tid skal svara Senterparti-politikaren skriftleg.
«Ved eit kvart høve»
Jordskifterettsleiarane er usamde med framstillinga til Erling Moe om at samanslåinga av domstolsleiinga er ei «forsøksordning i spesielle tilfelle». Dei viser til at Domstoladministrasjonen i eit brev har presisert at dei vil vurdera felles leiing – ved eit kvart høve – når det er ledig stilling (sjå faktaboks).
31. mars skal dei seks jordskifterettsleiarane på Vestlandet møta direktøren for Domstoladministrasjonen. Kravet er då at samanslåinga av domstolsleiinga i Hordaland og Sogn og Fjordane må leggjast på is inntil ein nasjonal strukturplan er handsama i Stortinget.
Men lite tyder på at Domstoladministrasjonen vil koma dei i møte, skal ein tru Moe:
– Ordninga med felles leiing ønskjer me framleis å prøva ut, så me ønskjer ikkje å skrinleggja den modellen.
- Les òg:
- Les òg: