Det meiner selskapet Coastal Harvest på Karmøy som satsar på å sanke sniglar langs heile norskekysten med tanke på eksport.
Den vesle strandsnigelen med sitt sniglehus er i dag delikatesse i delar av Europa og viktig næring i fleire land. No står karmøyselskapet i startgropa for næringa også her i landet, og dei ser for seg ei vesentleg kystnæring. Det seier styreleiar for Coastel, Harvest Yngve Ytrestøyl.
Mindre gift
I dag har selskapet hatt møte med Mattilsynet om prøvetaking og giftproblematikk, og Ytrestøl meiner sniglane har eit mindre giftalgeproblem enn blåskjel.
Coastal Harvest reknar med å starte hausting av sniglar om 2-3 månader, frå Rogaland og nordover på Vestlandet, men strandsniglehausting vil ikkje gje mange arbeidsplassar.
Og sjansen for å finne denne delikatessa i disken på Domus, er liten - sniglane blir truleg eksportvare.