Hopp til innhold

Snart skal også sokkane resirkulerast, men ingen veit korleis

Frå 2025 må kommunane samle inn tekstilavfall frå heimane, og sende det vidare til resirkulering. Men det finst ikkje eit mottakssystem.

Hôlete sokkar

BLIR FORBODE: Sokkar som desse går som oftast i restavfallet. No må dei snart gå til attvinning.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Snart skal holete og einslege sokkar, flekkete gensarar og gamle gardiner i eit boss for seg sjølv. Formålet er å resirkulere meir av tekstilen vi kastar.

Kommunane må difor samle inn og sortere tekstilavfallet ditt. Det skal anten vidare til materialgjenvinning eller til førebuing til ombruk.

Ingen mottakar i andre enden

Kommunane er i gang med arbeidet om å finne ut korleis dei best mogleg kan samle inn og sortere tekstilavfallet. Det er når det skal sendast vidare, at problemet dukkar opp.

Henning Tjørholm er dagleg leiar i Sunnfjord miljøverk, eit interkommunalt selskap. Han saknar ein mottakar av tekstilen.

– Det er krav om innsamling, men det må og vere krav om at det blir etablert mottaksanlegg.

Henning Tjørholm er på Sunnfjord miljøverk. Han står foran brennbart restavfall.

Henning Tjørholm førebur seg på å samle inn tekstilavfall, men ventar på at det skal komme ein mottakar.

Foto: Synne Malen Sandven

Jone Rivrud Rygg i Miljødirektoratet seier at kommunane sjølve må finne mottakarar av den sorterte tekstilen.

– Anlegga står fritt til å finne gode løysingar for korleis det skal materialgjenvinnast.

I dag finst det ingen slike anlegg. Rygg trur at dette vil løyse seg naturleg.

– Vi er klar over at det ikkje er anlegg for materialgjenvinning i Noreg i dag, men vi ventar at det vil utvikle seg ein marknad for det som følge av desse krava.

Private aktørar må på bana

Ifølge Miljødirektoratet er fleire private aktørar i gang med etablering av materialgjenvinningsanlegg, men kunne berre gi oss namnet på eitt.

Plast Nordic skal etter planen ha eit anlegg klart, men det blir tidlegast klart i slutten av 2027. Det er enno ikkje bestemt kor fabrikken skal ligge, og dei kan ikkje oppgi nøyaktig kor mykje tekstil dei kan handtere årleg. I tillegg kan dei berre ta imot polyester og polyesterbomull.

Det blir opp til private aktørar å etablere anlegg for materialgjenvinning, og det er under to år til dei skal vere på plass. Miljødirektoratet kan ikkje svare på om kravet vil falle bort utan desse anlegga.

I disse posene ligger det tekstiler.

Om knappe to år kan du ikkje lenger kaste brukte klede i posane med restavfall.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Ventar på rettleiing

Ein heil bransje ventar på at anlegg skal komme. Tjørholm etterlyser rettleiingar og detaljert informasjon om kva som blir venta av dei frå 2025.

– Vi har ikkje høyrt så mykje frå Miljødirektoratet. Eg ventar på at detaljane skal fastsettast nasjonalt og i forskrift.

Tjørholm seier at dei treng tid til å førebu seg på ei slik endring.

– Ein burde ha krava eit par år i forkant.

Rygg ventar at tilrådinga om endring i avfallslova blir sendt på høyring våren 2023.

Vi må nesten komme tilbake til når ei forskrift er på plass.