Hopp til innhold

Snart kjem cruiseskipa tilbake – men passasjerane får ikkje gå i land

FLÅM (NRK): Etter utbrotet av covid-19 har det hagla inn med avbestillingar, men no kjem cruiseskipa attende til norske fjordar.

Cruiseskipet Costa Magica i Flåm

ETTERLENGTA: Cruiseskip utgjer ein stor del av inntektene til næringslivet i cruisehamnene, blant anna her i Flåm. Frå august kjem dei tilbake.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Den 9. august er dagen næringslivet i bygda der Nærøyfjorden går i land har lengta etter sidan utbrotet av koronaviruset i mars.

For då kjem nemleg dei to første cruiseskipa sidan slutten av februar.

Solrun Hjelleflat (t.v.) og Kaia Finne.

TRYGT: Solrun Hjelleflat i Aurland Ressursutvikling seier ho forstår at reiarlaga og norske hamner vil trygge smitteverntiltaka sine før dei opnar.

Foto: Pressefoto

– Vi er veldig glade for at skipa no kjem, seier Solrunn Hjelleflat, administrerande direktør i Aurland Ressursutvikling.

– Vi hadde ikkje trudd at det ville kome nokon i det heile i år, seier ho.

Men dei vel 3000 passasjerane må nøye seg med å nyte verdsarvfjorden frå dekk eller gjennom vindauget på skipet.

Dei får ikkje gå på land.

– Vi skulle sjølvsagt helst ha fått passasjerane på land, seier Hjelleflat.

Det var Sogn Avis som skreiv om saka først.

– Mistar 70 prosent av omsetninga

Aurland Ressursutvikling er den største reiselivsaktøren i Flåm. Dei eig mellom anna tre hotell og turistmagneten Flåmsbana.

Før koronautbrotet var det venta om lag 250.000 cruiseturistar i Flåm i år. Men sidan mars har avbestillingane hagla inn frå reiarlag som skulle vitja bygda.

– Cruiseturisme utgjer opp til 20 prosent av inntekta vår. Vi reknar med å miste nær 70 prosent av den totale omsetninga vår i 2020 som følgje av reiserestriksjonane.

Det seier Øyvind Holsen, sal- og marknadsleiar i Flåm AS, dotterselskapet til Aurland Ressursutvikling.

– Det vil gi håp å sjå cruiseskip kome inn fjorden att. Det er eitt av mange positive signal som har byrja å kome for tida, seier han.

Cruiseskip i Geiranger

GEIRANGER: Fjorden blir neppe full av cruiseskip i år, men det er venta eit skip til Geiranger i september.

Foto: Lena Høyberg / NRK

– Avhengig av cruiseturisme

I tillegg til Flåm er det venta cruiseskip til Geiranger og Loen i Stryn frå september.

Også Eidfjord kommune i Hardanger gler seg til cruiseskipa kjem tilbake. Men der er det litt meir usikkert når det første skipet vil kome.

Ifølgje oversikta for cruiseanløp i 2020 skal eit engelsk og eit tysk skip ankre opp ved kaia 2. september. Desse kan stå i fare for å kansellere, seier ordførar Anders Vatle.

I Eidfjord har reiserestriksjonane hatt dramatiske konsekvensar.

– Vi er avhengige av turistnæringa. Cruiseturisme har ei stor betydning for oss, både for næringslivet og kommunen, som eig hamna og kaia, seier Vatle.

Vatle fortel at Eidfjord, som store delar av Distrikts-Noreg, har hatt ein oppsving av norske turistar i sommar og at det har vore relativt god aktivitet.

– Dersom vi kan spe på denne sesongen med cruiseturisme utover hausten, trur eg det blir bra, seier han.

Cruiseskip går fra kai i Eidfjord i Hardanger

CRUISESKIP I EIDFJORD: Cruiseturistane betyr mykje for Eidfjord i Hardanger, men er det uvisst når dei første skipa kjem tilbake etter koronautbrotet. Dette skipet var innom i august i fjor.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Reiarlaga er forsiktige

– Reiarlaget er opptekne av å ta det sakte, men sikkert. Dei har lov å setje passasjerar på land, men dei har valt å halde igjen for å trygge sine rutinar for smittevern, seier Jon Olav Stedje, driftsleiar for Flåm Hamn.

Dette er eitt av krava som har kome frå Helsedirektoratet etter at helse- og omsorgsminister Bent Høie og næringsminister Iselin Nybø 18. juni vedtok å opne for cruisetrafikk langs norskekysten.

Hamnesjef Jon-Olav Stedje

LEGG TIL RETTE: Driftsleiar for Flåm hamn, Jon Olav Stedje, seier dei samarbeider med reiarlaga og aktørar i bygda for å legge til rette for at passasjerane kan gå i land.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Reiarlaga må følgja dei strenge reglane om smittevern, som Helsedirektoratet har laga.

Det står det blant anna at reiarlag må legge fram ein smittevernplan for helsedirektoratet. Cruiseskipa får også berre ha halvparten av passasjerkapasiteten. Det er òg krav om opplæring for tilsette, og klare retningslinjer for passasjerane.

Dersom dette ikkje blir følgd, kan direktoratet legge ned forbod mot kystcruise i Noreg.