– Eg er utruleg nøgd med resultatet. Den er akkurat det vi hadde håpa på, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
- Les også:
Etter at det blei bestemt at alle kommunar i Sogn og Fjordane skal få minst éi dagsturhytte, har arkitektar i heile Norge konkurrert om å teikne hytta. No er vinnarhytta kåra.
Nynorsk-bibliotek
– VIL HA FLEIRE PÅ TUR: Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune håpar turhyttene vil lokke fleire ut i naturen.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKSamla kom det inn 21 forslag i arkitektkonkurransen. Rojo arktitekter i Trondheim gjekk til topps i kåringa.
– Hytta er forma som ein trekant, og liknar i grunn litt på eit telt. Resultatet er verkeleg bra, seier Skrede.
Hyttene er 15 kvadratmeter store, og utan straum og vatn. Men eit eige bibliotek blir å finne i kvar einaste hytte.
– Når ein først er ute, har ein gjerne god tid. Då passar det perfekt å kunne slappe av med ei god bok på hytta. På nynorsk sjølvsagt.
Eit samarbeidsprosjekt
Hyttene skal byggast på turmål i alle kommunane i fylket. Bakgrunnen for prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune og kommunane i Sogn og Fjordane.
Plasseringa av hyttene vil varierer frå høgfjell til fjord, men alle skal vere nær sentrum.
– Planen er at dei første hyttene skal stå ferdige i 2017, og i løpet av 2018 skal alle fylke ha fått på plass hytta si, seier Skrede.
BIBLIOTEK: Alle hyttene skal ha sitt eige bibliotek på nynorsk. – Vi vil at folk skal kunne kose seg med ei god bok på fjellet, i tillegg ønskjer vi å fremje nynorsken, seier Atle Skrede i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Foto: Rojo arkitekterVil lokke fleire ut
Stiftinga til Sparebanken i Sogn og Fjordane la 5,2 millionar kroner i hyttepotten då dei behandla saka sist veke.
Gunn Åse Moldestad, marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, fortel at det er den største gåva stiftinga har delt ut nokon gong.
– Dette er eit veldig godt prosjekt. Vi ønskjer å bidra til at folk kan få ei enno større oppleving ute i naturen.
– Eg håpar at vi greier å skape entusiasme. Målet er å lokke fleire folk ut på tur, seier Skrede.