Hopp til innhold

Snart kan det bli slutt på forundra turistar her

Regjeringa har sendt forslaget om endre alkohollova ut på høyring. Dermed kan mange års ventetid snart vere over for Ciderhuset i Balestrand.

Ciderhuset i Balestrand

CIDERHUSET: Cider-produsenten Ciderhuset i Balestrand har opp gjennom åra hatt mange gjester som ristar på hovudet over at dei ikkje får kjøpt med seg ei flaske cider eller to.

Lovendringa går ut på at gardsprodusentar skal få selje drikkevarer sterkare enn 4,7 prosent alkohol frå eige utsal.

Åge Eithungjerde ved Ciderhuset i Balestrand er mellom dei som har stått fremst i rekkja for dette.

– Dette betyr veldig mykje. Sidan vi starta Ciderhuset for ti år sidan har vi årleg hatt folk innom her som blir forundra over at dei ikkje får kjøpe, seier han.

Set tak på styrken

Åge Eithungjerde.

NØGD: Åge Eithungjerde har stått langt framme i køen blant gardsprodusentar som har kravd lovendringa.

Foto: Arne Eithun / NRK

Går regjeringa sitt forslag igjennom, vil ein framleis ikkje ha lov til å selje varer som er sterkare enn 22 prosent.

Eithungjerde er likevel klar på at ei lovendring vil vere kjærkomen for den vesle familieverksemda i Balestrand.

– Vi kjem nok til å selje like mykje ut frå huset som vi sel på Vinmonopolet. Det betyr at det i alle fall er mogleg å tenkje på at det går an å tene litt pengar på det, seier Eithungjerde.

– Vil gjelde veldig få

Det vesle ciderprodusenten har allereie førebudd seg på det dei håpar vil skje. I dag produserer dei mellom 10 000 og 15 000 liter i året, men har allereie kjøpt inn fleire tankar for å kunne doble produksjonen .

Som mat- og landbruksdepartementet meiner Eithungjerde at lovendringa vil ha minimal innverknad på alkoholforbruket.

– For det første gjeld dette veldig få. I Norge er vi fem som produserer cider. Det er sett tak på det, dessutan er det ingen som oppsøker slike stader for å hamstre alkohol. Det er dyre produkt, seier han.

Forundra gjester

Sylvi Listhaug

OPNA: Mat- og landbruksminister Sylvi Listhaug varsla i januar at dei ville sende lovendringa ut på høyring. Det er no gjort.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Det var landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) som i januar sleppte nyhenda under Grüne Woche i Berling.

– Ei opning for nisjesal vil kunne gi gode og spanande moglegheiter for produktutvikling og innovasjonar i Norge, sa ho då.

For Ciderhuset er ein ting sikkert. Eit frislepp vil gje langt færre forundra gjester.

– Dei er vande med at når dei er på slike plassar. I alle fall i utlandet er det heilt naturleg å få kjøpt med seg souvernirar. Utlendingane ristar på hovudet, ler og blir irriterte og sinte, seier Eithungjerde.