Hopp til innhold

Snart kan berre tre kommunar ha det sjeldne namnet

VOSS (NRK): Kommunesamanslåing kan sluke det gamle kulturminnet.

Granvin herad og Voss kommune slår seg saman

UKLART: Det er framleis uklart kva som vert namnet når Voss og Granvin slår seg saman.

Det er fire av dei att. Berre Granvin, Kvam, Ullensvang og Ulvik kallar seg herad i staden for kommune.

Når kommunesamanslåing er eit faktum i 2020 kan dei bli berre tre. Då skal mellom anna eit herad slå seg saman med ein kommune. Det er opp til dei å bli samde om kva namnet blir.

– At nye kommunar ynskjer å kalle seg for herad har vi ikkje vore borti, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.

Har lang historie

Sjølv om dei ikkje har vore borti problemstillinga med herad, manglar det ikkje på førespurnadar om kommunenamn. Ho forklarar at det slett ikkje er fritt fram.

Åse Wetås

UKJENT PROBLEMSTILLING: Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, seier dei førebels ikkje har fått førespurnadar frå kommunar som ynskjer å kalle seg for herad.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK


– Stadnamn er språklege kulturminne og vi har eit ansvar i internasjonal samanheng for å verne om denne kulturarven, seier ho.

Og omgrepet herad kan seiast å vere eit kulturminne.

Ein kan nemleg spore det heilt tilbake til mellomalderen. Då vart det brukt om høvesvis administrative einingar (tingkrinsar) eller om bygder og bygdelag på Aust-, Vest- og Sørlandet.

Også seinare, på 1800-talet, finn ein ordet herad eller herred (bokmål) i diverse lover og skrifter.

Semje om herad

På Voss har mellom anna Avisa Hordaland spurt folket kva dei ynskjer.

For kva gjer ein når ein kommune skal slå seg saman med eit herad?

NRK snakka med eit knippe personar på Vossevangen, og der var svaret unisont:

– Det bør heite Voss herad. Det er gammalt og nynorsk, og har med identiteten å gjere.

– Voss herad. Det klinger betre.

– Voss herad må det vere. Det har vore herad før. Det er mykje betre å uttale og gir meining.

– Herad kan vere eit naturleg val

Ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, vil ikkje sei så mykje om kva det endelege namnet blir.

– Eg har ikkje lyst å svare på det. Vi har ei uhøgtidleg undersøking på gong, mellom anna i Avisa Hordaland og på Facebook, så vi ynskjer at folk skal få sei kva dei meiner, seier han.

Hans-Erik Ringkjøb

FOLKET BESTEMMER: Ordførar i Voss kommune, Hans Erik Ringkjøb, vil la folket få seie kva dei meiner om det nye namnet, men har sjølv ein tanke om kva den nye kommunen skal heite. – Eg har nokre gode argument for at det endelege namnet skal vere Voss herad, seier han.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Han peikar på at Voss er ein kommune som nyttar nynorsk, og at herad kan vere eit naturleg val. Han er svært glad for at folk engasjerer seg.

– Det handlar om identitet og språk, og det er noko som opptek mange, seier ordføraren.

Kongen bestemmer

Det er Kongen i statsråd som tek den endelege avgjersla om dei nye kommunenamna. Før det kan skje, skal kommunaldepartementet ha inn forslaga.

Dersom kommunane ynskjer å velje eit heilt nytt namn, skal Språkrådet vurdere det.

Wetås ser ikkje bort frå at nye kommunar kan få kalle seg herad.

– Dersom nokon ynskjer det må vi sjå på kva som ligg i føringane og på historikken, og ta det derifrå, seier ho.