I mars slo Verdas helseorganisasjon (WHO) alarm mot det pågåande meslingutbrotet i Europa. Dei uttalte at dagens reisemønster gjer at ingen er utanfor rekkevidd for meslingviruset.
Verst er situasjonen i Romania, men også i Tyskland, Italia og England er det meldt om fleire hundre tilfelle.
Folkehelseinstituttet oppmodar på sine sider foreldre med ikkje-vaksinerte born om å framskunda vaksinasjonen av borna, dersom ein skal på ferie til land i Europa med høg førekomst av meslingar og låg vaksinasjonsgrad.
– Eg ville ikkje reist til eit område der det er meslingar i spreiing med eit barn som ikkje er vaksinert. Ein kan framskunda vaksinen til 9 månader, men eg ville ikkje teke sjansen på det heller. Eg ville halde barnet heime, seier smittevernoverlegen Kari Stidal Øystese i Bergen kommune.
Kan vere dødeleg
Det europeiske smitteverninstituttet ECDC (ekstern lenke) og Verdas helseorganisasjon (WHO) overvakar situasjonen og rapporterer jamleg over innmelde tilfelle av meslingar og raude hundar både i og utanfor Europa.
Mellom 31. mars 2016 og 1. april i år er det meldt om 6597 tilfelle av sjukdomen, som kan vera dødeleg for små born. Totalt har 17 born døydd av sjukdomen det siste året, alle i Romania.
- Les også:
Åtvarar mot desse landa
Alle born i Noreg får tilbod om den såkalla MMR-vaksinen gjennom barnevaksinasjonsprogrammet. Vaksinasjonen består av ein dose ved 15-månadersalder og ein dose ved 11-årsalder.
Men skal du reisa til eit av desse land, oppmodar Folkehelseinstituttet småbarnsforeldre å framskunda vaksinasjonen av barn mellom 9 og 15 månader:
- Belgia
- Bosnia-Hercegovina
- Frankrike
- Georgia
- Tyskland
- Italia
- Kasakhstan
- Kirgisistan
- Polen
- Romania
- Serbia
- Sveits
- Tyrkia
- Ukraina
Ifølge WHO kan desse landa vera sårbare for store meslingutbrot på grunn av låg vaksinasjonsdekning.
– Usikkert når så små born skal vaksinerast
MMR-vaksinen er godkjend frå 9 månaders alder, men ved vaksinasjon før 12 månader må barnet få ein ny dose ved 15 månader for å sikra tilfredsstillande beskyttelse.
– Det er litt usikkert når så små born skal vaksinerast. Ein er ikkje heilt sikker på at immunsystemet fungerer når borna er ned til ni månader. Eg hadde vurdert å reisa ein stad der det ikkje er meslingutbrot, seier Øystese.
Folkehelseinstituttet: – Ikkje godt nok kartlagd
Folkehelseinstituttet seier til NRK at heller ikkje dei anbefaler vaksinasjon av born under 9 månader.
– Bruken av vaksinen på så små born er ikkje godt nok kartlagd, og for dei minste borna kan vaksinen gi dårlegare respons, seier overlege Margrete Greve-Isdahl ved Folkehelseinstituttet.
Ho viser til at vaksinering av born yngre enn ni månader heller ikkje er tilrådd av vaksineprodusentane.
– I område der det er dårleg vaksinasjonsdekning blant innbyggjarane kan det vera fare for at spreiinga ved eit utbrot blir stor. I desse områda vil me tilrå å framskunda vaksinasjonen i enkelte tilfelle, viss innreise er høgst naudsynt.