Hopp til innhold

Smittesporinga i Bergen bryt saman: Kommunen ber folk gjere jobben sjølve

Det er no så mange smitta og så mange nærkontaktar at Bergen kommune slit med kapasiteten for smittesporing. Torsdag har dei hastemøte med helseministeren.

Lange køar til teststasjonen på Festplassen

LANGE TESTKØAR: Bergen kommune ber no folk om å spore smitten sjølve.

Foto: Mariann Reikerås / NRK

Svar frå Helsedirektoratet vart lagt inn i artikkelen 27. august kl 0920, sjå nederst.

117 personar har fått påvist covid-19 i Bergen det siste døgeret. Dette er det nest høgaste smittetalet sidan koronautbrotet i Bergen. 87 av dei smitta er i 20-åra.

– Dette er eit urovekkjande høgt tal. Mange av dei smitta har eit stort tal nærkontaktar. Dette er medverkande årsak til at smittesporingskapasiteten er svært pressa.

Det seier helsebyråd Beate Husa (KrF) til NRK.

– Kva skjer om smittesporinga dykkar bryt saman?

– Vi har bede om eit møte med helseminister Bent Høie. Det skal vi ha i dag klokka 15. Dette er eitt av dei viktigaste temaa vi vil drøfte med han, seier Husa.

Ho vil der gi statsråden ei oppdatering på situasjonen i Bergen og få tilbakemelding på kva han tenker om den, og diskutere kor lenge TISK-strategien kan vare i si noverande form.

TISK står for «testing, isolering, smittesporing og karantene» og er den etablerte strategien for nasjonal og lokal koronahandtering i Noreg.

– Vi har ein situasjon med høge smittetal over tid. Vi ønsker å få eit signal på om TISK-strategien fungerer og skal halde fram som i dag.

– Varsle nærkontaktane dine

82 av dei nye smittetilfella i Bergen er nærkontaktar og fem er importsmitte. 30 har ukjend smitteveg. 44 tilfelle er knytt til fadderveka.

– Med så mange smitta er smittesporingsarbeidet sterkt belasta og står i fare for å bryte saman, seier smittevernoverlege Egil Bovim.

Han ber smitta personar om å isolere seg raskt og varsle nærkontaktar sjølv. Bovim ber også alle laste ned Smittestopp-appen.

Samtidig er to personar innlagde med covid-19 i Helse Bergen-området: ein på Voss og ein på Haukeland sjukehus.

– Gjer jobben sjølv

Sjølv om alle smitta blir varsla av eit eige team på Bergen legevakt, ber helsebyråden innbyggjarane sjølv om å følgja med på smitteresultat på Helse Norge.

Ho vedgår at det gir mindre kontroll med smitten når folk sjølv skal spora opp nærkontaktar.

– Det kan føre til at smitta personar bevegar seg mykje rundt i samfunnet utan at dei veit det sjølve.

– Du ber rett og slett folk gjere jobben sjølve?

– Ja, vi er nøydde til det no. Det er eit tiltak vi ønsker å drøfte med Høie om regjeringa vurderer endringar i TISK-strategien. Dersom kommunane skal klare byrda som ligg på oss i kampen mot pandemien, er det avgjerande at nasjonale styremakter forstår kor pressa vi er.

Beate Husa

KRITISK: Helsebyråd Beate Husa meiner situasjonen er prekær. Ho er kritisk til at kommunane har fått endå fleire koronaoppgåver på kort varsel.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

Kritisk til for store oppgåver

Ho viser til at dette har tilspissa seg no ved skulestart.

– Vi i Bergen har opplevd så seint som ved skulestart at vi skulle bygge opp kapasitet for å teste unge ut av karantene. Det er ei stor oppgåve.

– Er du kritisk til dette?

– Vi er kritiske til at Helsedirektoratet no har kome med oppgåver på så kort varsel til kommunane. Helsedirektoratet har gitt oss beskjed om at vi skal lage eit system for at barn og unge kan teste seg ut av karantene.

Ho viser til at Folkehelseinstituttet (FHI) gav dette rådet allereie før sommaren, men det var først like før skulestart at kommunane fekk dette oppdraget.

– Det er alt for seint, og vi opplever liten og ingen dialog om korleis det skule gjerast og om dette var ei oppgåve kommunen kunne løyse. Det er ikkje godt nok. Situasjonen har vore ekstrem over tid med stort press på tenestene, seier helsebyråden.

– Kva skjer viss smittesporinga dykkar bryt saman?

– Då vil smitta kunne spreie seg fritt. Nasjonale styremakter har signalisert at vaksineringsnivået i Noreg pr. no ikkje er slik at vi kan la smitten spreie seg friare. Blir mange fleire smitta, vil det på lang sikt føre til fleire sjukehusinnleggingar, seier Husa.

Drop-in-vaksinering for alle

Bergen kommune gjer to andre endringar i dag.

Det blir opna opp for drop-in-vaksinering for alle innbyggjarar over 18 år, ikkje berre studentar som til no. I tillegg stoppar kommunen mellombels ordninga med at born og unge under 18 år kunne sleppe smittekarantene om dei testa seg for viruset.

– Det systemet har vist seg å vere svært ressurskrevjande og har bidratt til svært lange køar på teststadane, seier smittevernoverlege Bovim i ei pressemelding.

Frå no av må born og unge som er nærkontaktar gjennomføre karantene eller eventuelt teste seg ut etter sju døgn i tråd med forskrifta som gjeld på området.

Helsedirektøren: – Viktig for elevane å sleppe karantene

At Bergen kommune no ikkje gir dette tilbodet, kommenterer assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad i Helsedirektoratet slik:

– Overgangen til testing i staden for karantene er viktig for elevane, sjølv om det er krevjande i ein overgangsfase.

Han skriv til NRK at direktoratet har hatt tett kontakt med statsforvaltarane og kommunane dei siste dagane, også Bergen kommune, og kjenner godt til utfordringane med sprengt smittesporingskapasitet.

– Vi tilrettelegg no for meir bruk av massetesting og sjølvtesting fremfor testing på bakgrunn av smittesporing i kommunane.

Saman med meir aktiv bruk av trafikklysmodellen og lokale smitteverntiltak trur direktoratet dette vil hjelpe kommunane til å slå ned utbrot raskare.

Nakstad meiner det er viktig å fremheve at Vestland fylke klarte å tilrettelegge for sjølvtesting av eldre elevar før sommaren med 140.000 gjennomførte testar i skulene.

– Derfor trur vi det skal vere mogleg å vri innsatsen frå smittesporing til sjølvtestar også no, sjølv om det er krevjande i ein overgangsfase.