Hopp til innhold

Smitten går ned i Bergen etter veker med strenge tiltak

For første gang på tre veker er R-talet i Helse Bergen sitt område under 1. – Eit positivt teikn, seier sjukehusdirektøren på Haukeland universitetssjukehus.

Nye testfasilitetar i Bergen korona på festplassen

NEDGANG: Smitten i bergensområdet har gått kraftig ned på 11 dagar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Etter fleire veker med strenge koronatiltak i Bergen og nabokommunane rundt, kan innbyggarane no glede seg over at smittetala går nedover.

I veke 44 kunne Helse Bergen melde om at R-talet i deira område var på rekordhøge 1,6. R-talet er reproduksjonstalet til virus, altså kor mange personar ein koronasmitta gir viruset vidare til.

Under 1 betyr at viruset blir bremsa. Det nye R-talet til Helse Bergen har ein feilmargin frå 0,7 til 1,0.

– No ser det ut som vi har fått ein knekk på den kurven som var på veg oppover, seier sjukehusdirektør Eivind Hansen på Haukeland universitetssjukehus til NRK.

Eivind Hansen i koronateltet som er satt opp utenfor akuttmottaket på Haukeland univerrsitetssykehus.

OPTIMIST: Sjukehusdirektør Eivind Hansen på Haukeland. Her i koronateltet som sjukehuset sette opp utanfor akuttmottaket i vår.

Foto: Øyvor Bakke / NRK

Kraftig nedgang

Med så stor auke i nye smitta for nokre veker sidan, venta sjukehusdirektøren at rundt 60 pasientar ville vore innlagd i romjula. Men no er prognosen ein annan.

– Det er grunn til optimisme. No ser vi for oss rundt 10–15 personar innlagd.

Koronatiltaka, som er strengare i bergensområdet enn i resten av landet, kan sjå ut til å ha hatt verknad.

For berre 11 dagar sidan var smittetalet i Bergen rekordhøgt på heile 125 smitta på eitt døgn. Tysdagens smittetal er nede i 25 nye smitta siste døgn.

Tala presenterte medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen til det midlertidige koronautvalet i Bergen bystyre tysdag føremiddag.

Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) seier det er gledeleg med nok ein gong lågare døgntal i Bergen.

– No er det ingen over 60 år blant dei nye smitta, og ingen med ukjent smitteveg. Det er eit positivt teikn.

– Tydeleg nedgåande trend

Eit R-tal under 1 i Bergen gler også assisterande helsedirektør Espen Nakstad i Helsedirektoratet.

– Det ser ut som ein har lukkast i å snu smitteutviklinga i Bergen gjennom tiltaka. Det er ein tydeleg nedgåande trend.

Han meiner det likevel er viktig å fortsette det arbeidet til smittetala er tilstrekkeleg lave.

– Da blir det mindre sannsynleg at dei fyk opp igjen når dei lokale tiltaka vert avvikla, seier Nakstad til NRK.

Testtelt på Spelhaugen teststasjon i Fyllingsdalen i Bergen

OPTIMISME: Betydeleg færre smitta dei siste dagane i Bergen er positive teikn, ifølgje Nakstad, assisterande Helsedirektør.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

Ute av intensivbehandling

Sjølv om smittetala no har gått ned, er det framleis eit relativt høgt tal innlagde med covid-19 på sjukehusa i Helse Bergen.

Det koronasmitta barnet under 17 år, som måndag låg på intensivavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, får no ikkje lenger intensivbehandling, opplyser Helse-Bergen.

Barnet hadde ingen underliggande diagnose, men var ramma av ein kjent følgjetilstand av covid-19-infeksjon.

Ein vaksen person med covid-19 som var innlagt i Helse Bergen døde natt til tysdag.

Sjukehusdirektøren understrekar at faren difor ikkje er over, trass eit langt lågare R-tal no.

– Vi må fortsette med det vi held på med. Dersom vi ser at nivået held seg lågt kan det bli moglegheit for å opne samfunnet igjen.