Hopp til innhold

Andrea (27) inviterer einslege heim til jul, men smitterisiko gjer at mange kvir seg

Kirkens Bymisjon fryktar at menneske som ikkje har nokon å feire jul med, på grunn av koronasmitten lar vera å melde seg på veldedige julefeiringar.

Andrea Norvik

Andrea Nordvik (27) ønskjer å bidra til at folk ikkje skal sitte aleine på julaftan.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

27 år gamle Andrea Nordvik har i år for første gong tatt på seg ansvaret med å arrangera jul. I tillegg til fire familiemedlemar vil ho gjerne ha ein framand som gjest.

– Eg la ut ein invitasjon på Finn. Både for å spice opp jula for vår eigen del, og for at vedkommande ikkje skulle sitte åleine.

Sjølv om huset er skrubba, står att det vesle julaftan framleis ein god del pynting og førebuingar. Andrea har kjøpt inn tre kilo pinnekjøt.

– Det skal halde til seks, altså viss ein ekstra dukkar opp.

Men førebels er den sjette stolen rundt middagsbordet ledig.

Pinnekjøtt

PINNEKJØTT PÅ MENYEN: Andrea Nordvik (27) har kjøpt inn tre kilo pinnekjøt

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Har hurtigtestar

– Det har vore litt dårleg respons. Kanskje folk kvir seg litt for å dra til nokon andre. Både på grunn av restriksjonane, og at ein ikkje vil risikere å bringe smitte inn i nokon andre sin heim, trur bergenskvinna.

Ho og familien er likevel klar til å ta i mot besøk på kort varsel.

– Eg kjem ikkje til å stille nokon krav, men vil forhøyre meg om vedkommande har vore rundt mange folk, eller har ein jobb der ho er utsett for mykje smitte. Det vil eg av omsyn til mor mi.

Ho seier ho skal hurtigteste seg på julaftan før gjestene kjem, og har testar liggande for alle gjestene.

Framleis ledige plassar

Også Kirkens Bymisjon merkar også at det har vore vanskeleg å fylle plassane i år.

– Eg trur det er eit mykje større behov der ute enn det vi klarer å nå i år.

Det seier Kristine Moskvil Thorsen, avdelingsleiar for migrasjon og sjølvhjelp for Bymisjonen i Bergen.

I Korskirken inviterer bymisjonen vanlegvis opp til 300 personar på julemiddag, men i år må ein melde seg på. Smitteverntiltaka gjer at det berre er plass til 50 personar klokka 14 og 50 personar klokka 17.

Begge bordseta hadde i går framleis ledige plassar.

Thorsen fryktar folk vegrar seg for å ta i mot hjelpetilbod i år, fordi det er færre plassar.

– Etter kvart måtte me faktisk oppsøke folk og seie at det er ledige plassar igjen. Nokon svarte at kanskje andre treng det meir enn dei. Me måtte understreka at det ikkje handlar om å ha det vanskelegast eller vera mest elendig for å få plass hjå oss.

Ho seier dette er eit tilbod til alle som treng det.

– Vi held bålpanna varm utanfor kyrkja heile dagen og serverer gløgg. Vi kan også lage små pakkar med mat som folk kan få med heim viss nokon dukkar opp som ikkje har høve til å komme inn og sitte ned.

Mange ber om hjelp til jul.

VIL NÅ UT: Kirkens bymisjon fryktar at det er mange dei ikkje ha klart å nå i jula, og at fleire vegrar seg for å ta imot hjelp i år.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Fekk tak i nytt tre

Både familien Nordvik og Thorsen seier at folk kan ta kontakt julaftan.

Og Andrea lovar at ho skal fikse juletre. Den ferske julaftan-arrangøren gjekk nemleg på ein tabbe i år.

– Eg tok inn juletreet 1. desember, så i går var det berre ein tørr kvist att. Eg måtte kaste det ut. No har eg lært at treet ikkje må inn i hus for tidleg viss det skal vera fint på julaftan.

Og i går kveld fekk ho tak i eit nytt.

Andrea Norvik

SISTE FØREBUINGAR: Andrea Nordvik (27) har kjøpt inn eit nytt juletre og pynter leilegheita.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK