Hopp til innhold

Datatilsynet: – «Smart straummåling» truar personvernet

Datatilsynet er kritiske til dei automatiske straummålarane alle må ha innan 2019. – At data skal lagrast, uroar oss veldig, seier fagdirektør for teknologi Atle Aarnes.

gammal og ny straummålar

– TRUAR PERSONVERNET: Til høgre er ein modell av dei nye automatiske straummålarane alle husstandar skal ha innan 2019. Datatilsynet er uroa for at dei nye målarane kan gjere at personleg informasjon lettare blir delt med andre.

Foto: NRK

NRK har tidlegare skrive om dei nye automatiske straummålarane som alle husstandar skal ha fått innan 2019.

LES OGSÅ: Vil gjere straumen dyrare når me brukar mest

Ved å innføre såkalla «smarte straummålarar» håpar straumselskapa at folk skal spreie straumforbruket sitt ut over større deler av døgnet.

Staten grip inn i heimen på ein heilt ny måte.

Forskar Ingrid Foss Ballo

Men at straummålingane skal lagrast, truar personvernet, meiner Datatilsynet.

– Me spør oss: "Kva er formålet?" Bransjen er veldig uklare på kva som er formålet med å lagre. Svaret me får er at slik data skal lagrast i eit år, så kom det no eit nytt forslag om at det skal lagrast i tre år. Det uroar oss veldig, seier Atle Aarnes, fagdirektør for teknologi i Datatilsynet.

– Folk kan bli freista til å dele personlege data

Kvart apparat som brukar straum i huset har eit slags fingeravtrykk. Det vil seie at ein ved å tolke straumforbruket til dømes kan følgje med på kor lenge ein sjølv dusjar, og kor mykje straum kjøleskåpet brukar.

Atle Årnes

KRITISK: Folk vil då lett bli freista til å dele personlege data med andre, meiner Atle Aarnes, fagdirektør for teknologi i Datatilsynet.

Folk vil då lett bli freista til å dele personlege data med andre, meiner Aarnes.

– Nokre verksemder vil vere interesserte i desse dataa. Eit forsikringsselskap kan seie at dei vil gje deg billigare forsikring, dersom dei får sjå på straumavlesingane dine og ser at du ikkje brukar tørketrommelen om natta.

– El-butikken kan komme inn og seie: «Viss me får sjå på forbruket ditt over tid, så kan me sjå om du har elektrisk utstyr som bør skiftast ut». Så kan dei gje deg eit tilbod på eit nytt kjøleskåp. Dette kan vere eit personvernproblem.

– Det er litt som Facebook i dag

Ingrid Fosso Ballo

– STATEN GRIP INN: – Staten grip inn på ein heilt ny måte, seier samfunnsforskar og vitskapsteoretikar Ingrid Foss Ballo.

Foto: Leif Rune Løland

Samfunnsforskar og vitskapsteoretikar Ingrid Foss Ballo har studert mål, moglegheiter og utfordringar i samband med at det skal installerast smarte straummålarar hos alle straumkundar i Noreg innan 2019.

Ho seier ein del selskap driv med analysar av straumdata allereie, og at det er mange som vil vere svært interesserte i å få vite kva folk gjer i heimen sin.

– Det er litt som på Facebook i dag. Basert på den informasjonen dei har om deg, kan du få du reklame som er spesifikt retta mot deg.

– Dette er pålagt: Du kan ikkje la vere å få ein slik straummålar. Staten grip inn i heimen på ein heilt ny måte. Det er eit insentiv til å endre åtferda vår heime, og det blir samla data om kva vi gjer heime.

I andre land har det vore store grasrotprotestar mot smarte straummålarar, seier Ballo.

– Her i Noreg blir det fokusert på fordelane ved dette. Potensielle negative sider blir ikkje nemnt, kanskje for å unngå protestar.

LES OGSÅ: – Klimaet er ikkje poenget for bransjen

– Informasjonen vil vere trygg

Eg trur norske forbrukarar stort sett har god tillit til myndigheitene, og at vala som vert gjort er til det beste for kundane og samfunnet.

Avdelingsdirektør i NVE, Ove Flataker

Hans Terje Ylvisåker i BKK nett er programsjef for smartnettsatsinga til 25 av dei norske nettselskapa. Han er ikkje einig med Datatilsynet og Foss Ballo.

– Det kan nok vere eit problem, dersom ein er konspiratorisk nok. Nokon klarer kanskje å hacke seg inn i straummålaren for å vente med å gjere innbrot i huset til du ikkje bruker straum. Men det trur eg er det nærmaste min fantasi greier å strekke seg.

Denne informasjonen vil vere underlagt veldig strenge tryggingsreglar, forsikrar Ylvisaker.

Også avdelingsdirektør i NVE, Ove Flataker, meiner det er lita grunn til å uroe seg over personvernet til folk.

Jan Erik Brattbakk

– TRYGT: – Informasjonen vere underlagt veldig strenge tryggingsreglar, forsikrar Hans Terje Ylvisåker i BKK nett

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Personvern og datatryggleik skal ein ta på største alvor. Me har lagt opp til ei streng regulering. All informasjon som går frå målarane og til nettselskapa skal vere kryptert, og me legger også opp til å føre eit strengt tilsyn når desse målarane blir installert.

Han seier det er kunden som vil eige sine måledata og styre kven som har tilgang til dataa.

– Eg trur at norske forbrukarar stort sett har god tillit til myndigheitene, og at dei vala som vert gjort er til det beste for kundane og samfunnet.