Hopp til innhold

Småkraftbransjen vil bygge ut – NVE trur eventyret er over

Småkraftbransjen trur dei kan redde Noreg frå kraftkrisa – om saksbehandlinga gjekk fortare. NVE svarer at småkrafteventyret er forbi.

Olav Fuglestrand og Ove Kandal ved nytt potensielt småkraftverk Neselva 2.

SMÅKRAFT: Olav Fuglestrand og Ove Kandal skodar utover elva der eit kraftverk formodentleg skal generere straum tilsvarande 570 husstandar.

Foto: Harald Kolseth / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Like sør for Sandane i Gloppen kommune søkte Olav Fuglestrand, i lag med tre andre grunneigarar, om konsesjon for utbygging av eit mindre vasskraftverk.

Etter at Noregs vassdrag- og energidirektorat (NVE) var på synfaring sommaren 2020, såg det ut som at innvilga søknad var like rundt hjørnet.

I dag, halvanna år etter besøket og snart tre år etter at søknaden vart levert, ventar han framleis på nytt livsteikn frå NVE.

– Det er klart det er frustrerande. Vi har lagt ut mykje pengar, men veit ikkje om vi får nytte av det. Det verker som dei er underbemanna, seier Fuglestrand.

Småkraftforeininga kjenner godt til slike erfaringar. Berre tre småkraftsaker er blitt behandla dei siste to åra.

– Dessverre illustrerer dette situasjonen i dag. Bransjen er særs oppgitt, seier dagleg leiar i Småkraftforeininga, Knut Olav Tveit.

Olav Fuglestrand

MÅ VENTE: Småkraftutbyggaren Olav Fuglestrand har venta i snart tre år sidan søknaden blei levert til NVE.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Må få fortgang

Det er venta kraftforbruket vil auke drastisk dei neste tiåra, samstundes som poltikarar og bransjen snakkar om det grøne skiftet.

Fram til 2040 kan forbruket stige med mellom 20 og 60 TWh, avhengig av kor mykje av industrien som blir elektrifisert, ifølge utrekningar frå NVE.

Til samanlikning var Noregs kraftforbruk på 132 TWh i 2020.

Om straumprisane ikkje skal stige inn i æva, og vi framleis skal vere sjølvforsynte med kraft, må det verte fortgang i utbygginga.

– Der vil småkraftverka spele ei viktig rolle, meiner Tveit.

Knut Olav Tveit, Småkraftforeininga

AVGJERANDE: På kort sikt vil småkraftverka vere avgjerande for å dekkje det auka kraftbehovet framover, meiner Knut Olav Tveit i Småkraftforeininga.

Foto: Småkraftforeininga

NVE har rekna ut at det i norske elvar og vassdrag er potensiale for å byggje ut nye småkraftverk, som til saman kan produsere om lag 8 TWh, om alle konsesjonane blir innvilga. Det svarar til energiforbruket til 300.000 husstandar.

I Hurdalsplattforma skriv også regjeringa at dei ønskjer å legge betre til rette for småkraft.

Det ser det ikkje ut som NVE har fått med seg, meiner bransjen.

– Det er eit stort problem at ventetida er så lang. Det er forståeleg at mange dermed gir opp fordi det ikkje nyttar, seier dagleg leiar i Norsk Grønnkraft, Rune Skjevdal.

NVE: Får ikkje søknadane

I perioden mellom 2013 og 2017 blei 859 søknadar om småkraftverk behandla av NVE.

I løpet av dei siste to åra er det talet blitt til tre.

– Den enkle årsaka til dette er at vi ikkje får så mange søknadar lengre, seier direktør energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Inga Nordberg.

Inga Kathrine Johansen Nordberg

FORBI: Søknadane kjem ikkje, fortel direktør i energi- og konsesjonsavdelinga i NVE, Inga Nordberg.

Foto: Stig Storheil / NVE

Innlemming i ein grøn sertifikatmarknad fungerte som ei gulrot for oppretting av nye småkraftverk, noko som førte til det som blir omtala som ein «småkraftboom».

Etter boomen har NVE omstrukturert seg og seksjonen som spesialiserte seg på småkraft er lagt ned.

NVE meiner søknadsbunken tyder på at gullalderen for småkraftverk er over.

– Småkrafta er i stor grad bygd ut. Det er ikkje uendeleg med plass for nye prosjekt, seier Nordberg.

– Enkel forklaring

Det finst også 279 småkraftverk med innvilga konsesjon, men som enno ikkje er bygde. Desse vil gi kraft tilsvarande 2 TWh.

– Skal regjeringa leggje betre til rette for småkraft må det vere i form av støtteordningar. Vi trur ikkje saksbehandlingstida hos oss bremsar nye søknadar, seier Nordberg.

Det meiner småkraftbransjen er ei enkel forklaring.

– Her måler NVE seg inn i eit hjørnet. Vi bygger ut masse småkraftverk på eigen kjøl, og dei har sjølv rekna ut eit enormt potensial for meir. Det vi treng er at dei blir rusta opp til å behandle søknadane i tide, seier han.