Hopp til innhold

Småfly sklei av rullebana etter landing

Eit fly med fire personar har sklidd av rullebana på Bømoen på Voss. Ingen skal vera alvorleg skadd.

Fly skled av rullebanen på Bømoen på Voss.

SKLEI AV RULLEBANA: Småflyet har enda opp i Flyplassvegen, som ligg tett opptil rullebana på Voss.

Foto: Ørjan Brattetveit

110-sentralen i Vest opplyser til NRK at det er eit fire-seters fly som har sklidd av rullebana. Det var fire personar i flyet.

– Tre passasjer og pilot er ute av flyet. Alle er medvitne, oppegåande og har mindre skader, fortel vaktkommandør Ronald Drotningsvik til NRK.

Også politiet har rykka ut på staden. Dei vart varsla av AMK.

Brannvesenet fekk melding 12.33.

– Ulukka har skjedd under landing. Dei involverte blir sett til av helsepersonell på staden, fortel operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt.

Piloten: – Tredje landingsforsøk

Piloten Steffen Evertsen fortel til Bergens Tidende at ulukka skjedde på det tredje landingsforsøket.

- Dei to andre gangane måtte eg avbryte landinga, fordi eg var litt høgt. Denne gongen følte eg at vi var riktig inne, men vi kom litt langt inn på sjølve rullebana, seier piloten til avisa.

Enda opp i vegen

110-sentralen melder at flyet skal lekke ein del drivstoff frå den eine vingen. Flyet står no i lokalvegen som går tett opptil rullebana på Bømoen.

– Det trefte ganske hardt då dei kom utanfor rullebanen, så flyet har fått nokre skader. Vi har skumlagt flyet slik at det ikkje skal vera fare for at det tek fyr, seier Drotningsvik.

Flyplassjef Inger-Margrethe Bøe seier til NRK at flyet ikkje er heimehøyrande på Voss. Ho fortel at det ikkje er vanskelege vindforhold på Bømoen i dag.

– Vi hjelper no naudetatane og lar dei få gjera jobben sin først. Så skal vi finne ut av kva som har skjedd, seier Bøe.

VOSS FLYPLASS: Flyplassen på Voss ligg på Bømoen, nokre få kilometer aust for Vossevangen.