Hopp til innhold

Småbruksdraumen har blitt dobbelt så dyr: Hanna og Henrik slo til likevel

Landbrukseigedomar har blitt dobbelt så dyre sidan 2009, men Hanna og Henrik Tryggestad Koi nølte aldri.

Hanna Tryggestad Koi og Henrik Tryggestad Koi utanfor uthuset på sitt småbruk.

FRÅ OSLO TIL LOTE: Ein ti minutts køyretur frå Nordfjordeid fann Hanna og Henrik småbrukperla si.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Å leve på eit småbruk er ein draum mange sit med, men han vert stadig dyrare å oppnå.

Hanna og Henrik Tryggestad Koi ser utover Nordfjorden. Småbruket på Lote i Stad kommune er plassen dei to skal bli til ein familie på tre.

Ein liten fjøs, eit uthus og garasje. Nedom våningshuset veks unge frukttre. På bøen vil dei ha geiter.

Men idyllen har sin pris.

Til slutt måtte dei 870.000 kroner over prisframlegget for å få tilslaget.

– Men her har vi fått hus, mark og denne utsikta. Alt til same pris som leilegheita vår på 50 kvadratmeter i Oslo, seier Hanna.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at gjennomsnittsprisen for ein landbrukseigedom omsett til landbruksformål på det frie marknaden auka frå 1,5 til 3,2 millionar kroner mellom 2009 og 2020.

Utsikt over Nordfjorden frå småbruket til Hanna og Henrik Tryggestad Koi

PANORAMA: Denne utsikta er verd prisen, meiner Hanna og Henrik.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Sit langt inne for mange å selje

I alt har vart 2850 landbrukseigedomar omsett på den opne marknaden i 2020, og kjøpesummen auka i snitt med 13 prosent.

Tal frå SSB viser at det i dag finst meir enn 30.000 landbrukseigedommar, utan fast busetnad.

Men dei fleste vert aldri lagt ut for sal. Dermed blir det stor kamp om dei få som er på marknaden.

– Det sit veldig langt inne for mange å selje. Det er veldig sterk relasjon mellom slekt og eigedom i Noreg, seier Frode Flemsæter ved Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis).

Frank Robert Klakegg er dagleg leiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS. Han ser fellestrekk ved eigedomane det er mest rift om.

– Grei avstand til sentrumsområde har heilt klart noko å seie. Kombinasjonen småbruk og sentrumskjerne går for ein høgare pris, seier meklaren.

Som for mange andre som kjøper småbruk vart den nye heimen fyrst eit stort oppussingsprosjekt for Hanna og Henrik.

– Då eg reiv ned fyrste planken dryssa det mjøl. Det var berre oppete trevirke, forklarar Henrik.

Budkrigen om to eldre hus på tvangssalg ved Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane har tatt helt av.

UNDREDAL: Denne veka melde E24 om ein «vanvettig bodkrig» etter at to eldre hus ved Aurlandsfjorden vert lagt ut på tvangssal.

Foto: Fjordane eiendomsmekling

Store skilnader mellom fylka

Av de omsette eigedomane i 2020 oppgav kjøparane at bortimot 60 prosent skulle brukast til landbruksformål, 26 prosent hadde bustad som formål, mens 11 prosent skulle bruke eigedommen til fritidsformål.

Dyrast er landbrukseigedomane i Oslo og Viken, som i snitt er fire gonger så dyre som i Troms og Finnmark.

I oktober møtte nær 200 opp til visning på eit småbruk i Våler som gjekk 30 prosent over takst. Veka før var det bodkrig Trondheim, der hus og låve gjekk 2 millionar kroner over takst.

Denne veka melde E24 om ein «vanvettig bodkrig» i idylliske Undredal, der interessen for to eldre hus på tvangssal ved Aurlandsfjorden i Sogn og Fjordane har «tatt heilt av».

– Ettersom det dreier seg om tvangssal av de to eigedomane, så er det ein frist på 14 dagar for å svare på siste bod. Ikkje ein time. Så akkurat no ser eg ingen ende på dette, seier advokat Ole Rune Døskeland i Fjordane Eiendomsmegling til avisa.

Bustad på Stad

Dette småbruket i Ervik på Stad vart nyleg seld for 4,1 millionar – nesten 1,8 millionar over prisforslag.

Foto: Gloppen eigedomsmekling
Bustadsal mellom Førde og Vassenden

Ein bustad med stor eigedom frå 1926, mellom Førde og Vassenden, vart seld for 2,1 millionar kroner – 600.000 kroner over prisforslag.

Foto: Raymond Sandøy / Garanti
Bustadsal på Averøy

Fleire enn 100 viste interesse for denne eigedommen på Averøya i sommar, som vart selt for 3,6 millionar kroner – 700.000 kroner over prisforslag.

Foto: Vilde Dahl / Inviso

– Bruker nettannonsar til å drøyme

På Finn.no er småbruk på topp ti-lista over søkeord.

Då Noreg vart stengd ned i starten av pandemien i fjor, var det 56.000 søk på slike landbrukseigedomar i toppmånaden mai 2020.

– Nordmenn bruker Finn.no til å drøyme. Det er antakeleg mange der ute som ynskjer å leve meir i pakt med naturen ved å overta eit småbruk, seier Jørgen Hellestveit, leiar for Finn Eigedom.

På Lote angrar Hanna og Henrik ikkje på kjøpet.

– Dette skal vere heimen vår. Og her skal me trivast, seier Hanna.

Hanna og Henrik Tryggestad Koi framføre våningshuset på småbruket på Lote

DYR DRAUM: – Men så absolutt verd det, ivrar Hanna.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK