Hopp til innhold

Småborn slit med søvnproblem

Årsaka til problema er at er at borna er slitne. Resultatet blir uro og lærevanskar.

Sovende barn.
Illustrasjon: Colourbox

Ein hektisk kvardag er årsaka til at så mykje som kvart fjerde born i eittårsalderen har eit søvnproblem. Det meiner søvnforskar Caroline Miljeteig.

- Mange familiar er avhengige av å vera svært effektive. Kvardagen er hektisk. Når også eittåringen går i barnehage blir familien meir sårbar. Alle bør sova godt for å klara å fungera på dagtid, seier ho til Bergens Tidende.

Åtvarar mot sovemedisin

Før var det meir heimeliv på dagtid og problemstillinga var ikkje så stor då. Miljeteig meiner også at vi legg borna vore for seint. Ho brukar sjølv åtferdsterapi i behandlinga av borna som slit med søvnvanskar. Å bruka sovemedisin åtvarar ho sterkt mot.

Professor Ståle Pallesen ved Universitetet i Bergen er knytt til Nasjonalt kompetansesenter for søvnsykdommer. Han seier til avisa at mellom 20 og 30 prosent av alle born har problem med oppvakningar om natta eller innsovninga om kvelden.

Konsekvensane over tid kan bli hyperaktive born. Når dei kjem i 3-4-årsalderen kan også søvnmangelen enda i dårlig læringsevne.

- Det er eit stort problem for born i skulealder, men også for dei yngre borna, seier Pallesen.