Tre båteigarar har meldt saka til politiet etter at stein og snøklumpar har falle ned og slege hol i kalesjer og vindauge. No må politiet finna ut om dei som brøyter for Statens Vegvesen kan klandrast.
- Det er mogleg at kanskje farten har vore stor slik at krafta frå det som er blitt brøyta vekk har vore stor når det har truffe båtane, fortel politibetjent Frank Barmen.
Båteigarane etterlyser sikring under Måløybrua. (Arkivfoto: Arild Nybø.)
- Montér sikringsnett!
Arnfinn Slinning i Måløy Småbåtforening vil be om at vegvesenet sikrar brua.
- Eg har tenkt å ta meg ein telefon til vegvesenet og spørja om det er høve til å montera netting som kan hindra at snø og anna fell ned på båtane, fortel Slinning.
Og det er ikkje berre båtane han fryktar for.
- Det kan jo vera både menneske og bilar under brua som kan få skader av dette, meiner han.
Uaktuelt å flytta hamna.
Når ei småbåthamn ligg så utsett til for biverknader av snøbrøyting, så vil eit naturleg spørsmål vera om det ikkje hadde vore lurt å flytta kaiane nokre meter.
- Nei, me har jo for ganske få år sidan satsa stort og kjøpt inn nye kaier. Me som har båtar der er svært nøgde med hamna, men at me har dette problemet med brøytebilane legg me ikkje skjul på, seier Arnfinn Slinning.