-No blir det snakka nesten berre Florø-dialekt på treningane våre, seier den spelande trenaren.
-9. plass er realistisk
Etter nedrykket til 3. divisjon i 2001, kvitta klubben seg med alle dei sju svenskane i troppen. Tilbake står ein gjeng med svoltne unggutar som skal forsvare Florø si ære. Klubben har opplevd eit generasjonsskifte, og vårt ekspertpanel med Stig Nord, Geir Navarsete og Stig Roger Eide trur det vil ta tid før kystbyen får eit frykta lag igjen.
-Florø har sagt dei skal bygge opp eit lag rundt dei yngre spelarane som kjem opp. Det vil ta tid å bygge opp eit slagkraftig lag igjen. 9. plassen er realistisk i forhold til kva Florø kan prestere, seier Stig Nord. Han får støtte av Stig Roger Eide. -Det som skjer i Florø er veldig positivt, men det vil ta tid. Plasseringa er realistisk.
Betre rusta enn i fjor
Hjelpetrenar og keeper Bjørn Henrik Knapstad
Bengt Solheim-Olsen er sterkt ueinig i vurderinga til våre ekspertar.
– Vi blir i alle fall betre enn nummer ni.
– Kvifor det?
– Vi har omtrent det same laget som i fjor. Det året som 17-18 og 19-åringane har fått ekstra, betyr mykje. Alt i alt er vi betre rusta enn i fjor, seier Solheim-Olsen.
Tøffare å halde vekta
Saman med hjelpetrenar og keeper Bjørn Henrik Knapstad, Stig Strømsøy og broder Tor, skal Bengt
Midtstoppar Stig Strømsøy
Solheim-Olsen stå for rutinen i laget. Stig Roger Eide trur vi får sjå spissen putte ein del mål også i år. Solheim-Olsen svarar offensivt på det: -Ja det får han, det kan eg garantere. Formen er nokonlunde god. Eg har trent jamnt bra i vinter. Men det blir verre og verre å halde vekta på eit akseptabelt nivå.
Advarsel
Til slutt kjem Solheim-Olsen med ein advarsel til motstandarane: -Vi er klar over at det kjem til å ta nokre år før vi tek steget opp i toppen av 3. divisjon. Men det er ikkje eitt lag som skal kome til Florø for å hente enkle poeng i år.