Då Forsvarskomiteen i går kom med innstillinga si om HV-10, var det berre Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Frp som gjekk inn for at Sogn og Fjordane framleis skal vere eit eige heimevernsdistrikt.
Viktig med nærleik
– Det er viktig med nærleik til eige heimevernsdistrikt, mellom anna er heimevernet viktig som innsatsstyrke ved hendingar som leiteaksjonar og naturkatastrofar, seier Ringstad.
Endeleg
Men Ringstad har inga tru på at vedtaket kan bli endra når saka endeleg skal avgjerast i Stortinget.
– Alle partia har bestemt seg, meiner ho.