Sløkte brann på Os ungdomsskule

Det har vore ein liten brann i ein bossdunk inne i Os ungdomsskule. Brannen er no sløkt. Brannen har ført til mykje røyk. Også sprinkleranlegget har blitt løyst ut. Brannvesenet har vore inne i bygget med røykdykkarar.