Sløkker utover natta i Stryn

12 mannskap og eit brannhelikopter driv med sløkking på Årheimsfjellet i Stryn etter at det blussa opp att skogbrann for tredje gong denne veka. – Terrenget er utfordrande og helikopteret kjem til å drive med sløkking utover kvelden og i natt, seier John Jatgeir Vinsrygg.

Sløkkingsarbeid på Årheimsfjellet i Stryn
Foto: Oddgeir Sæle / NRK