Hopp til innhold

Slapp fri mann som banka sambuaren: – Kan forstå om folk reagerer

Mannen mishandla sambuaren slik at ho hamna på sjukehus. Sjølv vart han sett fri av politiet same dagen.

Stine Mari Vårdal

ETTERFORSKINGSLEIAR: Stine Mari Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor seier at dei prioriterer familevaldsaker høgt.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Sist fredag varsla folk i ei lita bygd i Jølster om at ei kvinne var blitt slått til blods av mannen ho budde med. Politi og helse rykte ut. Kvinna blei frakta til overgrepsmottaket, mannen blei arrestert.

Men berre timar seinare valde politiet å sleppe mannen laus trass i den grove valdsepisoden.

– Etter at vi hadde gjort undersøkingar på staden og avhøyr valde vi å setje fri gjerningsmannen, seier etterforskingsleiar Stine Mari Vårdal ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

– Kvifor valde de setje han fri, framfor å framstille han for varetektsfengsling?

– For å kunne framstille ein person for varetektsfengsling må det vere nokre vilkår til stades. Vi såg ikkje at det var fare for at bevis kunne verte øydelagde og at det heller ikkje er fare for at dette skal skje igjen, seier Vårdal.

– Kan forstå om folk reagerer

Sjølv om gjerningsmannen i dette tilfellet vart sett fri, seier Vårdal på generelt grunnlag at dei ser svært alvorleg på denne typen vald.

– Dette er veldig alvorleg kriminalitet som vi prioriterer. Vi gjer vårt ytterste for å etterforske og finne løysingar i desse sakene, seier Vårdal.

– Kan du forstå at folk kan reagere på at mannen er sett fri?

– Ja, eg kan for så vidt forstå det. Men vi sit jo med litt meir oversikt over saka enn utanforståande, seier Vårdal.

– Bryt forbod utan at det får konsekvensar

Wenche Hovland, leiar for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, kjenner ikkje den konkrete saka og understrekar at ho uttalar seg på generelt grunnlag då NRK tek kontakt.

Ho seier at sjølv om politiet vurderer at det ikkje er fare for gjentaking, så viser erfaring at kvinnene likevel kan vere risikoutsette.

Wenche Hovland, Krisesenteret i Flora

LEIAR: Wenche Hovland er leiar for Krisesenteret i Sogn og Fjordane

– Dei er kjemperedde for å verte utsette for vald igjen. Vi får og tilbakemeldingar på at besøks- og kontaktforbod vert brote utan at det får konsekvensar, seier Hovland.