Foto: Scanpix
Mange skuleelevar vil få utdelt gamle og utslitte bøker når dei tek til att på skulen no i august.
Kommunar med dårleg økonomi har ikkje råd til å prioritera nye bøker til grunnskulen.
Manglar pengar til bokmål
Ved Sund Ungdomsskule må bokmålselevar óg nytta nynorskbøker i undervisninga fordi skulen ikkje har pengar til nye bøker.
Rektor Jan Perry Breivik er oppgitt over situasjonen berre dagar før elevane inntek skulen att.
- Me kunne sjølvsagt ynskt at me kunne kjøpa nye bøker, seier han.
Prioritering
På materialrommet på Sund Ungsomsskule fins det hyllevis med bøker som snart skal delast ut til nye 8.-, 9.- og 10.klassingar. Men dei vil altså ikkje få bøker på si eiga målform.
- Økonomien vert trongare og trongare, og no kan me ikkje ha bøker på båe språk, fortel rektor Breivik.
Politikarane skuldar på kommuneøkonomien. Og Rådmann Gerhardt Inge Storbø i Sund seier dei kuttar for å få budsjettet i balanse.
- Det er absolutt for lågt til å oppretthalda ei god drift, men me kan forsvara det, seier han.
Svake elevar tapar
Men rektor og elevar er ikkje tilfredse med situasjonen.
- Elevane ynskjer sjølvsagt bøker på si målform, og spesielt går dette utover dei svake elevane. Å få læra på målforma dei er mest komfortabel med, lettar undervisninga, meiner Breivik.